Sport | 10. nov. 2015

Framleis plassar på Sverre-tur

Sverre Lunde Pedersen har rekordfarten inne og var nær ny verdsrekord i helga. Siste helga i januar går han på heimebane. Bli med Midtsiden til Stavanger.

Framleis plassar på Sverre-tur
Mange osingar tok turen til Hamar i 2012 for å heia på Sverre. No kan du bli med Midtsiden til Stavanger i januar for å gjera det same (foto: AH)
Andris Hamretirsdag 10. nov. 2015 14:08

29. - 31. januar 2016 skal verdscupen på skøyter for første gang i historia arrangerast på Sørmarka Arena i Stavanger. Saman med Os Reisebyrå har Midtsiden sydd saman ei pakke med buss, hotell, transport i Stavanger og billettar til alle dei tre konkurransedagane.

– Eg vart kjempeglad då eg leste om det i Midtsiden. Eg tykkjer det er kjempeflott og gøy at det blir teke eit slikt initiativ. Det er bra for meg og bra for sporten. Det kan bli ei aha-oppleving for mange. Det er noko heilt anna å sjå skøyteløp live enn på tv. Eg håper så mange osingar som muleg blir med, sa Sverre Lunde Pedersen til Midtsiden før han gjekk verdscup-uttak nettopp i Sørmarka Arena for vel to veker sidan.

– Det skal i alle fall ikkje bli noko problem å gje alt med ei røys med osingar på tribunen.

Slik bestiller du

Turen bestiller du direkte på Os Reisebyrå ved å ringa 56 30 43 00 eller ved å stikka innom reisebyrået i Os sentrum.

I pakkeprisen på 2715 kroner ligg det:

  • Buss frå Os til Stavanger fredag førmiddag
  • To netter i dobbeltrom på Scandic Stavanger Park i Stavanger Sentrum
  • Transport frå hotellet til Sørmarka Arena
  • Billettar til alle dei tre konkurransedagane
  • Buss frå Stavanger til Os etter det siste løpet søndag

Midtsiden har alliert seg med Brynjar Øvstedal som sjefssupportar for å sikra at vi løftar taket i Sørmarka Arena.

God interesse

For å oppnå den gode prisen må du vera rask. Fristen for å melda seg på er torsdag 12. november.

– Det har vore god interesse for turen og mange som har ringt for å forhøra seg. Per no har vi 16 ivrige supportarar, så eg er trygg på at det kjem til å bli ein kanontur, seier Britt Halhjem på Os reisebyrå.

Løpsprogrammet for dei tre dagane ser slik ut:

Fredag: 500 (1) meter damer, 500 (1) meter herrer, 1000 (1) meter damer, 1500 meter menn

Laurdag: 500 (2) meter damer, 1000 meter herrer, 1500 meter damer, 5000 meter herrer

Søndag: 500 (2) meter herrer, 1000 (2) meter damer, 1000 (2) meter herrer, 3000 meter damer

Er i kanonform

Sverre Lunde Pedersen er for tida i Calgary i Canada kor han til helga går sesongens første verdscupstemne. Sist helg blei det arrangert eit testløp i Olympic Oval, kor Sverre knuste den gjeldande verdsrekorden til Eskil Ervik med 3,01 sekund. Tida til Sverre blei tilslutt 3.34.66, den nest raskaste tida som nokon gong er gått på 3000 meter. Begge dei to raskaste tidane er gjort i testløp og er difor ikkje tellande som verdsrekorder.

Verdscupen i Calgary startar med 5000 meter fredag, jaktstart laurdag og blir avslutta med 1500 meter og massestart søndag.

I tillegg til Sverre får halvt-osing Sindre Henriksen sin verdscupdebut i Canada.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.