Næringsliv | 08. feb. 2011

Framleis tom restaurant

Fleire har vist interesse for Dolly Dimples-kontrakten, men eigedomsmeklaren er førebels ikkje nær kontraktskriving.

Framleis tom restaurant
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 08. feb. 2011 09:29

I august 2010 la Dolly Dimples ned, og leigekontrakten i Irisgården blei kort tid etterpå lagt ut for sal. Ifølgje annonsen på Finn.no er lokalet på 146 kvadratmeter, inkludert toaletta dei deler med Os Filmsenter og bowlinghallen.

I haust har eigedomsmeklar Erlend Erstad frå Privatmegleren Bjørnefjorden fortalt om stor interesse, og i november hadde han to bod på kontrakten.

- Vi har hatt 10-12 interessentar. Den siste tida har vi vore i nær dialog med nokre av dei, men vi kom ikkje i mål.

Midtsiden.no har høyrt at ein kebab- og pizzarestaurant var på veg inn i lokalet. Dette vil ikkje Erstad kommentera, anna enn at han seier det har vore fleire ulike kategoriar, frå pizza til a la carte, i planane til interessentane.

Kontrakten stiller visse krav til den som overtar, blant anna til finansiering og garanti.

- Vi har ikkje kunna gå vidare med mange av gangen, så vi har framleis interessentar å jobba vidare med, seier Erstad.

Eigar av Irisgården, Norgesgruppen, har det truleg ikkje travelt, Dolly Dimples-kjeda har kontrakt til 2013.

- Dei har i alle fall tid til å venta til det kjem ein leigetakar dei har tru på, ein som matchar dagens restaurantbransje i Os godt, og som ser ut til å kunna driva fornuftig i fleire år framover.

- Det er nok både huseigar og osingane tent med, seier Erstad.


Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.