Sport | 16. juli 2009

Framleis utan kontrakt

"Kan ha priset seg bort" skriv BT om backen frå Os.

Framleis utan kontrakt
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 16. juli 2009 21:59

I forhandlingane i vinter bad agenten Stig Lillejord om høgare løn enn det Brann ville tilby venstrebacken Bjørn Dahl. BT trur kravet låg rundt 1,1 millionar kroner, medan Brann ville betala mellom 600.000 og 700.000 kroner.

Millionløn i Brann er kanskje ikkje for mykje å be om, men finanskrise og lite speletid har ikkje gjort saka enklare for Dahl.

Bergens Tidende skriv i dag at Brann førebels ikkje har planar om å gå i nye forhandlingar med Bjørn Dahl.

Sportssjef Roald Bruun-Hanssen vil ikkje kommentera saka, medan Dahl seier at det ikkje er brot i forhandlingane.

– Eigentleg har eg ikkje noko kommentar til kontraktsforhandlingane, men eg kan seia at det var et tilbod og at vi har snakka saman etter den tid. Det er ikkje slik at det er brot, eg ønskjer å halda fram i Brann, seier Dahl til BT.

31-åringen legg til at han vil halda fram å spela fotball anten det løyser seg med Brann eller ikkje.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.