Lokal | 27. jan. 2020

Framleis utan vatn på Skeie

... men no er leidningsbrotet funne.

Framleis utan vatn på Skeie
Det er dirigering ved Irgenskrysset måndag kveld. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 27. jan. 2020 21:39

Søndag blei det oppdaga eit vassleidningsbrot på Skeisflaten.

– Rundt 100 kubikk (100.000 liter) med vatn rann ut, fortalde avdelingsleiar i teknisk eining i Bjørnafjorden kommune, Agnete Haugland i går kveld.

36 husstandar er ramma. Desse ligg frå avkøyrsle til Skeismyra (skulane) og nordvest mot Irgenskrysset og Hjorthaugen.

Bjørnafjorden kommune opplyste at Bergen Vann starta søk etter leidningsbrot først måndag morgon.

Måndag kveld er det manuell dirigering på første del av Skeisflaten, etter Irgenskrysset.

Entreprenørar og røyrleggarar er på staden.

Leidningsbrotet er lokalisert, og holet er pumpa tomt for vatn, men det ser ut til framleis å gå nokre timar før vatnet kan koplast til igjen.

Kommunen oppdaterer via sms til husstandane og på heimesidene.

Her er leidningsbrotet.
Her er leidningsbrotet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.