Lokal | 18. jan. 2021

– Framstår som gutestrekar

Politiet mistenker verken tjuveri eller hærverk etter episoden laurdag.

– Framstår som gutestrekar
Politiet rykte ut til Os ungdomsskule både onsdag og laurdag. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 18. jan. 2021 08:56

Laurdag i 14.30-tida rykte politiet ut på melding om mogleg innbrot på Os ungdomsskule.

Dei fekk kontroll på tre ungdomar på staden, og undersøkte korleis dei kom seg inn.

– Dei involverte er tre gutar i ungdomsskulealder. Foreldre blei kontakta. Det er ikkje mistanke om verken tjuveri eller hærverk, det heile framstår som gutestrekar, seier politioverbetjent Atle Birkeland.

Det er ikkje teikn på innbrot. Korleis gutane kom seg inn er uvisst, men det er mogleg at dårlege eller sviktande låserutinar har gjort at dei kom til open dør.

Politiet koplar heller ikkje hendinga opp mot brannen som starta i eit bosspann klokka 17.55 onsdag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.