Lokal | 06. sep. 2019

Framtidsretta Bjørnafjord

Lesarinnlegg: Ei automatisering av heile prosessen med maskinlæring er Bjørnafjorden Senterparti sin langsiktige draum.

Framtidsretta Bjørnafjord
Peter-Hans de Zwarte. 7. kandidat for Bjørnafjorden Sp. (Foto: privat) 
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighfredag 06. sep. 2019 07:24

Bjørnafjorden Senterparti vil jobbe for å ta i bruk ny teknologi for å få betre tenester og innsparingar i kommunen vår.

Ved å ta i bruk maskinlæring, tingenes internett og andre framtidsretta løysingar kan me minske byråkrati, samt omdisponere midlar til helse, omsorg og oppvekst.

Kva betyr maskinlæring?

Maskinlæring er å lære datamaskiner automatisk å kjenne igjen komplekse mønster frå tilsendt/innhenta data, for så å gjere intelligente beslutningar basert på desse mønstra.

Kva tyder tingenes internett?

Tingenes internett er eit nettverk av sensorar som gjer ordinære gjenstandar (og i visse høve menneskjer) i stand til å sende inn data, som så kan behandlast med maskinlæring.

Eit eksempel er fallsensorar som mange eldre har. Desse er ein del av tingenes internett.

Eit anna er å plassere sensorar i kummer slik at ein kan få beskjed om desse er tett. Kombinert med maskinlæring kan me få prognosar på når dei går tett og vedlikehaldsbehovet, ved hjelp av for eksempel innhenta vêrdata.

Det å kombinere sensorar og maskinlæring kan brukast i eit vidt spekter frå eldreomsorg, planleggingsprosessar, overvaking av vassforsyning og avfallshandtering til oversikt over korleis folkemengder beveg seg, automatisk inndelingar av klassar og mykje anna.

Kun fantasien set grenser.

Nokre slike sensorar og system finst allereie i kommunen vår, det å automatisere heile prosessen med maskinlæring er Bjørnafjorden Senterparti sin langsiktige draum. Dette er noko vår kommune ikkje klarar åleine.

Me treng «digitale sandkassar» der me kan leike, teste og utvikle nye system i samarbeid med andre kommunar.

Dette vil me oppnå med å jobbe for eit digitaliseringsutvalet som aktivt arbeidar for å laga Noregs smartaste kommune.

Peter-Hans de Zwarte

7. kandidat for Bjørnafjorden Senterparti

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.