Lokal | 27. apr. 2020

Fredag ba lensmannen ungdom slutta å klatra på taket - same dag var dei på taket igjen

– Eg vil undersøka med jurist kva sanksjonsmoglegheiter vi har

Fredag ba lensmannen ungdom slutta å klatra på taket - same dag var dei på taket igjen
Same dag som lensmannen ba undom halda seg vekke, var denne gjengen på taket på gymsalen til Os barneskule. (Lesarbilde, tips@midtsiden.no)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 27. apr. 2020 08:23
  • Midtsiden har starta utsending av gratis nyheitsbrev på epost - meld deg på her

I periodar, år etter år, får politiet meldingar om ungar og ungdom som klatrar på taket på gymnastikksalen til Os barneskule.

– Dei kan skada seg sjølv og dei kan skada taket, sa lensmann Oddbjørn Dyrdal fredag.

Politiet hadde fått nye meldingar i førre veke, og lensmannen ba ungane slutta, så politiet kan bruka ressursane på andre ting enn å kommandera folk ned frå tak.

Same kveld var det fire ungdomar på taket igjen.

– Dette er ikkje greit. Eg vil sjå korleis vi betre kan forebygga dette, og samtidig undersøka med jurist kva sanksjonsmoglegheiter vi har, seier politioverbetjent Anne Lyssand.

– Det går an å forstå at ungar og ungdom liker å klatra, men dei kan finna seg eit tre, ikkje klatra på offentlege bygg.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.