I fjor registrerte forsikringsbransjen i Hordaland 123 skader på Black Friday. Ein av tre skader denne dagen var parkeringsskader. Årleg blir 8700 skader i Hordaland meldt i samband med rygging eller parkering.
Fredager er den dagen i veka kor det skjer flest bulkeskader, og erfaringane viser at det er ekstra ille på Black Friday.
– Løysinga er her! «Back in» på Black Friday og du kan sleppa å få ei større regning enn planlagt, seier Arne Voll, kommunikasjonssjef i Gjensidige.
Rygg inn - køyr ut
«Back in» er enkelt og greitt å rygga inn når du parkerer, slik at du lett kan køyra rett ut når du skal reise igjen.
– Vår erfaring er at dei aller fleste køyrer med fronten inn først når dei parkerer. Vi meiner at om fleire i staden rygger inn og køyrer ut frå parkeringsplassen ville mange smeller vore unngått, og fleire farlege situasjoner avverga, seier Voll som ber folk vera ekstra på vakt i morgon.
Over éin milliard i erstatningar
Skader som gjeld rygging og påkøyrde parkerte køyretøy utgjorde i 2016 over éin milliard kroner på landsbasis i følgje data frå Finans Norge.
– Klassiske P-smeller er at ein treff faste installasjonar, stolper, skilt, veggar eller andre parkerte køyretøy. Mange vil handle på Black Friday, men ein kostbar bulk frå ei handlevogn elle rein dult i siden frå nabobilen står derimot langt nede på ønskelista, avslutter Voll.
Tips til å unngå bulking på Black Friday
• Unngå mørke og trange parkeringshus
• Rygg inn og køyr ut
• Styr unna trange parkeringsplasser der du treng "boksopnar" for å komma deg ut av bilen
• Sørg for at vindauga er frie for dugg før du køyrer/ryggar ut
• Unngå parkeringsplassar nær inngangspartier
• La ikkje små barn opne bildøra sjølv