Fredag er det røykvarslardagen, kor alle bør testa røykvarslarane sine og skifta batteri.
- Halvparten av alle dødsbrannar skjer i bustader som ikkje har fungerande røykvarslarar. Når ein brann oppstår har du berre få minutt på deg til å kome deg ut av huset, seier Anne Kjersti Storebø, leiar førebyggande avdeling i Os Brann og redningsvesen.
Minst éin i kvar etasje
Alle bustader skal ha røykvarslarar eller brannalarmanlegg, og du må ha minst éin varslar i kvar etasje. Alarmen skal kunne høyrast tydeleg på opphaldsrom og soverom, også når døra mellom romma er lukka.
- Du bør kople røykvarslarane saman, slik at alle varslarane pip samstundes ved brann. Dette kan gje deg verdifull tid til å evakuere og vere med på å redde deg og familien din, seier Storebø.
Test jamleg
Røykvarslarar bør testast jamleg og når du har vore bortreist over lengre tid. Det er også ein fordel å støvsuge den jamleg. Det aukar levetida til varslaren.
- Levande lys, peiskos, bruk av komfyren og meir bruk av elektrisk utstyr utgjer ein ekstra risiko i jula, særleg i kombinasjon med inntak av alkohol. Gjer det difor til ein hugseregel å bytte batteri 1. desember, som er Røykvarslardagen, seier Storebø.
Deler ut skohorn
For både å støtta ein god sak og i førebyggande teneste har brannvesenet kjøpt inn kombinerte skohorn og røykvarslartestarar frå foreninga «Brannmenn mot kreft». Tysdag overleverte Storebø desse til Kristin Haukeland, avdelingsleiar for heimesjukepleien i Os kommune.
– Vi har eit veldig godt samarbeid med heimesjukepleien. Dei gjer ein kjempejobb med forebygging av brann ut mot dei som bur i private husvære utan tryggingsalarm eller direkte oppkobling mot brannvesenet, seier Storebø.
– Sjølv om dette eigentleg er huseigar sitt ansvar, så har vi òg eit samfunnsansvar. Noko av det første vi ser etter når vi kjem til nye brukarar er om dei har røykvarslar, rår dei til å få installert komfyrvakt og tidsbrytar på kaffitraktaren, fortel Haukeland.
Blant dei første
Brukarane av heimesjukepleien som har fått tildelt tryggleiksalarm, har samstundes fått røykvarslar som er kobla saman med tryggleiksalarmen.
– Dette var vi faktisk ein av dei første kommunane i Noreg som innførte. Der har vi vore ein foregangskommune, og framleis er det ikkje så mange kommunar som har et same tilbodet, men det kjem stadig fleire etter.
– Samstudes så er det viktig å presisera at dette kjem utanom vanlege røykvarslarar som ein bør ha i tillegg. Desse må testast og skiftast batteri på jamleg, noko pårørande må hjelpa til med, oppmodar Haukeland.
Skift til varmepumpe
I tillegg til fungerande røykvarslarar, komfyrvakt og tidsbrytar på kaffitraktaren har dei to eit ekstra råd å koma med.
– Eldre heimebuande bør få installert varmepumpe i staden for å fyra med ved i peis eller omn. Vi har hatt eksempler kor pasientar som har byrja å rote litt har gjort opp varme ved sidan av omnen når ektefellen har vore ute av huset eit lite augeblikk. Med ei varmepumpe sikrar ein at desse episodane ikkje skjer.
Kjem på heimebesøk
Neste veke kjem i tillegg brannvesenet på heimebesøk, ikkje berre hos brukarar av heimesjukepleien, men også hos yngre osingar.
– Dette er ein aksjon vi har kvart år, kor vi gjennomfører ekstra tilsyn. Vi rekk ikkje over alle husstandar i heile Os, men vel oss ut områder vi vitjar, forklarar Storebø.
– Om det er pårørande som ønskjer at brannvesenet skal komma innom kan dei berre gje oss beskjed, så skal vi bringa det vidare, supplerar Haukeland.