Kultur | 12. mai 2018

Fredeleg stemning før finalen

– Eg kjem i grunnen berre på éin ting som har skuffa meg denne våren, seier Elg.

Fredeleg stemning før finalen
Øivind Elgnes og Eirik Strønen Søfteland heng ofte saman om fredagane, som i går, dagen før finalen. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 12. mai 2018 07:22

I kveld (frå kl 19.30) syng Eirik Strønen Søfteland og Øivind «Elg» Elgnes finale i Århundrets stemme på TV2.

I fleire veker har dei to knytt band, som pendlarar frå Vestlandet, budd på hotell og vore ute på middag saman når andre har tatt bilen heim etter lyd-og kostymeprøve fredagane.

– Vi var ein liten vestlandsgjeng, og no er det berre oss igjen. Eg synest Eirik er eit artig bekjentskap! Han er ung nok til at han kunne vore sonen min, men han er veldig flink og eg synest han er ein fantastisk fyr, seier Elg til Midtsiden fredag kveld.

– Eg trur det er ein styrke at han er noko så sjeldant som vokalist og trommespelar. Når du først har ein sånn kombinasjon så blir det gjerne ekstra bra, som Karen Carpenter i The Carpenters og Don Henley i Eagles. Sjølv er eg gitarist og vokalist. Det er gjerne lettare når du skal skriva låtar, det å laga melodi, ikkje berre rytme, men eg trur Eirik si erfaring med trommene styrkar han som vokalist.

– Kva er strategien din før finalen, korleis skal du vinna over Eirik?

– Det som er litt morosamt er at det truleg er dei to med minst konkurranseinnstinkt som no er i finalen. Vi er vokalistar begge to, og songarar er «fredens sanne venn». Vi er i grunnen ikkje bygd for å konkurrera.

– Som å kappspringa mot ein som går

Også Eirik, som har vore i andre TV2-finalar før, synest det er rart å snakka om å vinna i kveld.

– Hadde du utfordra Elg til å kappspringa så hadde han sagt «greit, men eg går». Så hadde då spasert du òg.

Eirik set pris på den nye venskapen.

– Han er ein veldig god og interessant samtalepartnar, og så har han så mykje kunnskap om så mange rare ting, frå kuriositetar innan musikk til korleis ekorn oppfører seg, seier Eirik og ler.

• Les òg: Har booka Eirik til 17. mai

– For dei som kjenner kameraten min Olav (Skorpen), som òg er ein konge av spennande avsporingar, så treng eg ikkje sakna Olav når eg er med Elg.

– Kva er Elgnes si styrke?

– Han er veldig dyktig og han har eit særpreg. Han treng ikkje læra seg tekstane ein gong. Han kan litt av dei, og så tar han resten på gefylen, og så blir det knallbra!

Tar Eirik med på sommarkonsert

Elg seier han føler at dei begge allereie har vunne.

– Eg har fått vera med veldig lenge, og eg har fått sunge mange songar eg elles aldri ville sunge. Det har vore eit godt program for oss deltakarar.

Samtidig har alle deltakarane blitt kjent med kvarandre.

– Sidan eg fylte 60 år tidlegare i år så slår eg på stortromma og kjem med nytt album i år. Også der har eg og Eirik noko til felles.

– Når eg no har blitt kjent med fleire så blir det til at nokre av deltakarane blir med meg i studio på nokre av låtane. Sånn er det når vi musikarar møtest og nye band blir knytt.

– Eirik skal vera med meg og resten av Dance with a stranger som gjestevokalist på konsert i Strømmen 28. juni, fortel Elg.

– Det einaste som har overraska meg, og skuffa meg litt denne våren, er at ikkje eg og Eirik har fått oss ein sjamposponsor, seier Elg og ler, også i går ute med Eirik.

Syng tre låtar kvar

I finalen i kveld skal dei to karane synga tre låtar kvar; éin som ekspertane Bertine Zetlitz og Ivar Dyrhaug har valt ut blant dei låtane deltakarane gar framført tidlgare, éin som er tilfeldig trekt ut og éin frå det tiåret dei trivdes best i.

Øivind Elgenes: "Ambitions" (Donkeyboy, 2009), "Careless Whisper" (George Michael, 1985) og "The Lady is a Tramp" (Mitzi Green, 1937).

Eirik Søfteland: "Enter Sandman" (Metallica, 1991), "All Shook Up" (Elvis Presley, 1957) og "Signed, Sealed, Delivered I'm Yours" (Stevie Wonder, 1970)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.