Sport | 04. mai 2014

Fredrik vann på Rådhusplassen

Fredrik Winsents (16) frå Os vann 15.000 kroner i skatekonkurransen Street Corner i Oslo laurdag.

Fredrik vann på Rådhusplassen
Fredrik Winsents vann 15.000 kroner etter å ha vist seg fram på skateboard i Oslo i går. (Foto: Pål Winsents)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 04. mai 2014 07:36

Bildeserie:

(Foto: Pål Winsents)
(Foto: Pål Winsents)
(Foto: Pål Winsents)
(Foto: Pål Winsents)
Finalistane. (Foto: Pål Winsents)
Finalistane. (Foto: Pål Winsents)
1 av 3

På bakgrunn av innsendte videoklipp var 20 norske skatarar invitert til semifinale i Street Corner på Rådhusplassen i Oslo i går.

Ein av dei var skataren Fredrik Winsents frå Os. Han var minst like god live på som video og imponerte dei rundt 300 som møtte fram for å sjå.

– Eg prøvde å tenkja litt kreativt, og gjorde faktisk nokre triks eg fann på der og då, triks eg ikkje har tenkt på før, seier Fredrik til Midtsiden.

Største pengepremien til no

Og osingen gjekk til finalen, der han slo fem andre i kampen om førstepremien, som var på 15.000 kroner.

– Eg har vunne pengepremiar før, men då var det rundt 2000 kroner for beste triks.

I fagjuryen sat Henning Bråten, Michael Sommer og Tobias Lien.

Fredrik, som er elev på første trinn ved Os Gymnas, har førebels ikkje bestemt kva han skal bruka premiepengane på.

– Men eg kjem nok til å spara ein del til vi skal på ferie til sommaren.

Ein god treningsvinter

I haust var Fredrik i Barcelona, der han representerte Noreg med RedBull i ein konkurranse med éin invitert deltakar per nasjon.

Der kom han til finalen og landa på 9. plass av 19 deltakarar, fleire av dei var senior.

Førre helg deltok han i den internasjonale konkurransen Oslo Games.

– Det har vore ein god treningsvinter, med mykje tørr asfalt og mange gode økter på Fysak, så formen er fin, seier Fredrik.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.