Kultur | 25. jan. 2017

Fremmed fugl på Haugland

Kva gjer du når ein framand kjem inn i lokalmiljøet ditt. Studio O på Haugland brukte dyras verd for å belysa problemstillinga.

Fremmed fugl på Haugland
4. klassingen frå Halhjem barneskule var ikkje vanskelege å be når Rasmus og Robin trengde hjelp til å flytta reiret til ein trygg plass (foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 25. jan. 2017 12:06

Bildeserie:

Fremmed Fugl, Storm & Kaffe (foto: AH)
Fremmed Fugl, Storm & Kaffe (foto: AH)
Fremmed Fugl, Storm & Kaffe (foto: AH)
Fremmed Fugl, Storm & Kaffe (foto: AH)
Fremmed Fugl, Storm & Kaffe (foto: AH)
Fremmed Fugl, Storm & Kaffe (foto: AH)
1 av 3
Fremmed Fugl, Storm & Kaffe (foto: AH)
Fremmed Fugl, Storm & Kaffe (foto: AH)
Fremmed Fugl, Storm & Kaffe (foto: AH)

Rasmus Svarttrost og Robin Rødstrupe lever eit godt og beskytta liv i hagen til Mie heilt til ekstremvêret Nina herjer og bringer ein framand fugl til eit nedblese skjærereir. Dei to er skeptiske til den framande og redde for at Mie skal få ein ny besteven, men slik går det ikkje. I staden får dei hjelp av det unge publikummet, som onsdag besto av 4. klassingar frå Halhjem barneskule, til å sørgje for at den framande får ein trygg plass å bu.

Musikkfabelen «Fremmed Fugl, Storm & Kaffe» tek publikum med inn i problemstillinga gjennom ramma til Mies kaffibar under kirsebærtreet i hagen, og er godt fortalt der den blir bunden saman av spennande lyder, musikk og eksotiske forteljingar frå fjerne land kor kaffi er eit sentralt element.

Brakte eldre og unge saman

Publikum består i tillegg til elevane frå Halhjem av godt vaksne.

– Framsyninga er støtta av den kulturelle spaserstokken, men vi hadde lyst til å sjå korleis det fungerte med å bringa eldre og ungar saman i ei forestilling som dette. Difor har vi invitert elevar frå Halhjem opp her. I dag er det fjerdeklasse som er her, dei to forrige dagane har vi hatt vitjing av 2. og 3. klasse, fortel Glenn Erik Haugland, som saman med kona Heidi Tronsmo står bak framsyninga.

Etter stemninga å dømme var det eit vellukka grep. Både store og små koste seg, sjølv om nokre av elevane kanskje tykte den timeslange framsyninga blei litt lang.

Mie blei spelt av Christina Bæver medan dei to fuglane blei tolka av søstrene Ragnhild og Anne Goro Tronsmo Haugland.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.