Lokal | 07. apr. 2013

Fresher opp hamna

Nye el-punkter og boss-spann, fleire infotavler, mogleg internett-tilgang er blant det som står på lista når Os hamn rustast opp til båtsesongen.

Fresher opp hamna
Tore Kleppe, på teknisk drift i kommunen, er i full gang med å gje garasjen mellom rådhuset og essoen eit nytt strøk maling før seongen (foto: Andris Hamre)
Andris Hamresøndag 07. apr. 2013 12:34

Teknisk eining i Os kommune er i full gang med å gjera Os hamn presentable og eit ønska reisemål for båtturistar kommande sommar. I plan- og bygningutvalet torsdag fortalde rådmann Knut Terje Rekve at dei hadde gjort ei organisatorisk endring slik at teknisk tek seg av vedlikehaldet, medan brannvesenet får ansvaret for tilsyn med hamna.

– Eg trur vi gjer lurt i å skilla mellom tilsyn og vedlikehald, fortalte rådmannen.

Nye skilt og bossdunkar

Marianne Kramer, leiar for teknisk drift og brannsjef Stein Gjøsund tok seg difor ei inspeksjonsrunde i hamna rett før påske.

– Vi gjekk over hamna og såg kor ting burde gjerast, kor vi har påfylling for vatn og strøm og kor vi ser for oss nye punkt.

– Blant anna såg vi at det mangla nokre boss-dunkar austom elva og at det trengs nokre fleire informasjonsskilt, mellomanna borte ved Os sjøfront, fortel Kramer.

Lista er lang, men kommunen håper å vera kome langt på den innan 1. mai.

Internett-tilgang og hamneavgift

Då rådmannen orienterte plan- og bygningsutvalet kunne han òg fortelja at ein såg på moglegheiten for å gje båtgjestane internett-tilgang når dei ligg i hamna.

– Kva med det problemet vi har hatt med båtar som har brukt hamna som sin båtplass, undra Sonja Vernøy (Frp).

– Vi vurderar å innføra ei hamneavgift når ho no er ferdig rusta opp.

– Då vil det nok ordna seg. Båter som ikkje har betalt vil bli følgt opp, lova Rekve.

Må avklara

Mykje har Kramer og Gjøsund kontroll på, men framleis er det eindel punkt som må avklarast.

– Ordføraren har sagt han vil avklara servicebygget og strøm i tilknytning til det.

– Det sama gjeld strøm ved Essoen. Det er litt uklart kven som har ansvaret for desse, men med godt samarbeid skal vi nok finna ut av det, seier Kramer.

Servicebygget treng noko vedlikehald. Kven som skal gjera dette og kven som skal ta seg av reingjering i løpet av sesongen er òg blant tinga som må avklarast.

Tømming kvar dag

Noko av det som allereie er avklart er det løpande vedlikehaldet.

– Grønt-avdelinga hjå oss tek seg av vedlikehaldet av benkar og bord på kaia.

– Dei kjem òg til å tømma bossdunkane kvar dag i sesongen, men dei som driv næringsverksemd på kaia må ta ansvaret for sine dunkar slik at også desse tømmast dagleg.

– Det er viktig at vi alle tek i eit tak for å gjera det fint og attraktivt for båtgjestane.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.