Kultur | 17. apr. 2012

«Fri», ei storsatsing

Ungdommane i Join Us satsar stort når dei inviterer til familiekonsert i Oseana onsdag. -Programmet passar alle, lover dirigenten.

«Fri», ei storsatsing
Join Us gler seg til konserten i Oseana onsdag (foto: Knut-Inge Johnsen)
Andris Hamretysdag 17. apr. 2012 16:17

Kvart år arrangerar ungdomskoret Join Us ein konsert for vener, kjente og andre som har lyst å koma.

- I år har vi slått på stortromma og leigd Oseanasalen, så eg håpar det er mange som har lyst til å koma, seier dirigent Tonje Hernes.

Ikkje ein kristen konsert

Koret er ein del av KFUM/KFUK og har medlemmar frå 13-20 år. I tillegg er Join Us eit tilbod i konfirmasjonsundervisninga for dei som ønskjer det.

- Sjølv om vi tilhøyrer eit kristent miljø er det ikkje ein kristen konsert vi inviterer til.

- Verdiane ligg der i botn, men tema for konserten er ordet «Fri».

- På ein eller annan måte har alle innslaga ei knyting til dette ordet. Eg håper vi klarar å få til ein både underhaldande og tankevekkande time, seier Hernes.

Eit mangfold av stilartar

Dei, mellom 35 og 40 ungdommane som medverkar vil gjennom sang, dans, drama og multimedia gje aktuelle kommentarar til verda rundt seg i dag.

- Mellomanna har konfirmantane til Knut-Inge Johnsen laga ei fotomontasje kor dei har fått folk dei har møtt til å fortelje kva dei legg i ordet, fortel dirigenten.

Også konfebandet under leiing av Hallvar Berge har førebudd sine tolkningar av ordet gjennom musikalske uttrykk.

With a little help ...

Hernes fortel at det har vore eit kjempeløft å flytta konserten frå kyrkja til Oseana.

- Det kostar eindel å gjera det, men med god hjelp vener av koret som har bidrege med midlar gjennom fleire år har vi klart å få det til.

- I tillegg må eg få lov å trekkje fram Nils Midtsæter som har vore viktig for å få realisert prosjektet, smilar Hernes.

Billettar sel dei i døra før konserten 19.30.

- Vi har lagt oss på ein pris på 50 kroner for dei opp til 18 år, så eg håpar mange tek seg råd til å kome å høyre dei flotte ungdommane, avsluttar ei litt spent Tonje Hernes.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.