Kultur | 08. mai 2010

Fri i 65 år

Det blei ei fin og varm markering av frigjeringsdagen og veterandagen i dag.

Fri i 65 år
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 08. mai 2010 16:01

Vårsleppet måtte dempa seg og tivoliet, som hadde annonsert med opning klokka 11 måtte venta. Svenskane som driv tivoliet forsto at osingane og andre nordmenn har litt sterkare minne enn dei sjølv frå 2. verdskrig.

I dag er det frigjeringsdag og veterandagen, som i Os har den fine tradisjonelle markeringa i Minneparken, med musikk, talar og nedlegging av kransar på kyrkjegarden.

SJÅ VIDEO FRÅ MINNEPARKEN NEDST I ARTIKKELEN

Markeringa blei opna av ordførar Terje Søviknes, dagens hovudtale sto pensjonert politioverbetjent Øystein Nordvik for.

Han fortalte om okkupasjonen, om tyskarane sitt mål om å få nordmenn med på laget, blant anna med forsøk på å vinna dei unge.

- Men nordmenn ytte motstand, også i Os. Som då eit kanadisk fly nødlanda på Haugland, og osingar skjerma dei seks om bord til dei kom seg trygt til Shetland med Leif Larsen. Denne forteljinga er omsett til nork ved Tore Lyssand, ei historie eg anbefalar osingar å lesa, sa Nordvik.

Sofie Undheim Irgens-Hagevik las Underlege dagar i 1945 før Os KFUK-KFUM-speidarar la ned kransar på kyrkjegarden.


Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.