Lokal | 26. jan. 2017

Frir til partitoppane

I dag får Venstre besøk av Terje Breivik og Os Ap tar Kjersti Stenseng på rundreise i bygda. Bru over Bjørnafjorden er del av programmet.

Frir til partitoppane
Glenn Erik Haugland og Terje Breivik under valkampen i 2013. (Arkivfoto: Kari Marie A. Lyssand)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 26. jan. 2017 08:54

«Neste stopp: Stortinget» skriv Os Venstre om dagens besøk av stortingsrepresentant Terje Breivik.

– Om få månadar skal Stortinget vedta ny nasjonal transportplan. Der kan bruprosjektet over Bjørnafjorden bli lagt inn som eit framtidig vegprosjekt. Det er no det gjeld. Det er no vi kan stoppa brua i Øyane, skriv Os Venstre i sin invitasjon til møte på Bar(t) i kveld.

Også arbeidsplassar på Vestlandet er tema for kvelden.

Stenseng besøker fleire bedrifter

Os Ap har i dag besøk av partisekretær Kjersti Stenseng frå Kvam i Oppland.

Dei startar dagen med bedriftsbesøk på Compact og skal seinare til både Endelausmarka, Osbadet og Ravneberghaugen - men òg til Vedholmen Galleri for å møta brumotstandarar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.