Kultur | 06. nov. 2017

Friska opp foajeen

Oseana har fylte foajeen med norsk design.

Friska opp foajeen
Stolane, som er forma av Hans Bratterud, har mykje av den same formen som sjølve Oseana (foto: Andris Hamre)
Andris Hamremandag 06. nov. 2017 10:41

Møblane i foajeen på Oseana her berre vore midlertidige sidan oppstarten i 2011. No har nye smakfulle stolar kome på plass.

– Den første møbleringa var litt tilfeldig og vi var litt leie av å ha utebord inne. Men No er vi veldig godt nøgd med korleis det har blitt. Ekstra kjekt tykkjer eg det er at det er norsk design. Stolane er laga av Hans Bratterud tilbake i 1957. Faktisk så var det skuleoppgåva hans. Dei blei første gang produsert i 1960 og i 2002 tok det norske selskapet Fjordfiesta over produksjonen. Så dei er både norsk design og norks produsert, fortel Veronica Søilen Halhjem, marknads- og kommunikasjonsansvarleg.

Passar bygget

Ein skulle nesten tru at stolane var spesialteikna til Oseana, men det er dei ikkje i følgje Søilen Halhjem.

– Dei er ikkje det, men eg forstår at du trur det. Formen på stolane har mykje av dei same elementa som bygget.

– Eg håper også osingane tykkjer dei har fått ei fin storstove. Foajeen blir mykje brukt, men folk kan gjerne bruka den meir, også på dagtid og utanom arrangement. Det er berre å komma ut her og setta seg ned med ein kopp kaffi og sjå utover fjorden. På dagar som denne finst det knapt nok ei flottare utsikt, avsluttar Søilen Halhjem.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.