Sport | 17. aug. 2011

Friskt og stille på fjorden

Haustens to første trimmingseglasar blei kontrastfylte frå frisk vind til ingen vind.

Friskt og stille på fjorden
Andris Hamreonsdag 17. aug. 2011 10:07

Det blåste friskt, opp til 17 m/sek då Korsfjordtrimmen gjekk 9. aug. Båtane frå Os Seilforening hadde ein tung tur opp til Blia, bølgane vaska inn over båten og vi blei like våte som i styrtregn.

Starten for minste klasse gikk over 7 min før «Tina for II» kom seg opp til start. Båten måtte difor starte rett etter dei største båtane.

Knuffing ved runding

Alle båtane hadde tevet storseil og satt dei minste forseila der dei kjempa seg oppover mot 1. merke Bjelkarøy.

Ved runding oppsto ein del situasjonar og nokre båtar dunket borti hverandre, berørte merket og måtte ta 360gr / 720gr straff før dei kunne segle vidare til merket som låg ved Børnestangen ved Sotra.

På ny oppsto situasjonar kor båtar var borti kvarandre med det resultat at nokre fekk skader.

Tilbake til Blia via Lerøy/Bruarøy blei det slør og båtane fekk opp farten. «Tina for II» som hadde seilt med litt innrulla forsegl rulla ut heile seglet, fekk god fart og kom seg oppover i feltet til andre plass og beste Os-båt i si klasse.

Det blei levert inn protester på nokre av båtane og resultata i den største klassen kan bli endra eller nokre av båtane kan bli diska eter protesthøyringen.

Stille på fjorden

Tysdag 16. august var det lite vind frå 4 m/sek til nesten 0 før båtane kom seg i mål.

- Det ser ut til at det anten bles kuling eller ingenting under haustens trimmingsseglaser, skriv Svein Skoglund i meldinga til Midtsiden.no.

”Marelle” med Sigbjørn Paus tok leiinga ut frå start i den minste klassen, med nye segl og meir erfaring byrjar han å få fart på båten.

Han heldt på leiinga opp til 1. merke som var Teistane, men etter runding satte han spinnaker for tidlig og fekk vinden for mye forfra. «Tina for II», som venta med å sette spinnaker til de har passert en relativ vindvinkel på over 60gr, tok seg forbi.

Løpet gjkk vidare til runding ved Alholmen og tilbake til mål i Strøneosen.

Skifte frå spinnaker til genoa ved målbøye og kryss mot Alholmen gjorde at «Lisa» frå den største klassen nærma seg. Ved runding tok den igjen «Tina for II» og med spinnaker mot mål klarte den å kome seg vel 6 min før i mål og siger i klassen for dei største båtane. «Tina for II» som har lavere lystall klarte likevel 1. plass overall med 1 min og 14 sek i tillegg til siger i si eiga klasse.

- Det blei ein fantastisk fin kveld med ein nydeleg solnedgang som farget himmelen raud/oransje, avsluttar Svein Skoglund rapporten.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.