Frode på Golden Goal
Henrik Elvestad har blitt coacha av osingen Frode Veim Haugland. Denne veka kan du sjå dei på TV 2.


Johan Golden og Henrik Elvestad har i TV 2-programmet Golden Goal vore innom mange idrettar. Laurdag 24. oktober stilte Elvestad opp i nordisk meisterskap i handbak i svenske Eskilstuna, med ein osing som coach.
Det byrja med at veteran og trenar for Os Håndbakklubb Arne Thuen fekk ein epost frå redaksjonen, der han takka ja til å stilla som coach. Men Arne blei skadd før meisterskapen, så då steppa eleven og regjerande noregsmeister Frode Veim Haugland inn.
Gav tips
Elvestad og dei fire i kameracrewet kom seint fram fredag, så all filming blei gjort før og under konkurransen laurdag. Henrik Elvestad var påmeldt i 75 kg-klassen.
- Kva tips gav du han på den knappe tida før han skulle bryta?
- Ta i, svarar Frode og ler.
- Nei, eg fekk forklart litt, men eg trur ikkje han fekk det heilt til.
Henrik fekk bryta to kampar. Korleis det gjekk får du sjå på TV 2 Zebra torsdag (kl 21.00) og på TV 2 fredag kveld (kl 23.25).
Filma bronsen
Golden Goal kjem truleg også til å visa litt av Frode si bryting. Tittelforsvararen vann med høgre arm, men det var etter at Elvestad & Co hadde reist.
- Dei filma dessverre berre då eg braut med venstre, så dei fekk med seg tapet i semifinalen.
Frode fekk bronse med venstre arm i -80 kg. Dei seks deltakarane frå Os Håndbakklubb tok til saman ni medaljar i nordisk meisterskap i år.
Ringrev på Eurosport
Frode ser fram til å sjå Golden Goal-sendinga seinare i veka, men dette er ikkje første gong han ser seg sjølv på TV.
- Eg har vore med på tre Arm Wars i utlandet, og Eurosport har vist frå desse konkurransane 6-7 gongar, fortel Frode Veim Haugland, som i juli vann Arm Wars i Manchester.
Neste Pro Arm går i London i januar, medan dei største sportslege måla neste år blir EM i Moskva i juni og VM i Las Vegas hausten 2010.