Front mot front ved Bygrensa
Vegen var stengd ved Er-An Veikro etter front mot front-ulykke på E39.
Like etter klokka 15 søndag ettermiddag rykte nødetatane ut på melding om ei front mot front-ulykke på E39 litt nord for Er-An.
«E39 Søfteland ved Er-An Veikro, Os kommune - Eitt felt stengd på grunn av trafikkuhell» meldte Vegtrafikksentralen Vest på Twitter.
Politi og brannvesen kom til staden og dirigerte trafikken. Etter ei stund blei begge felt stengd og det blei lange køar.
Fire personar skal vera lettare skadd, ingen skal vera sendt til sjukehus.
Klokka 16.13 meldte vegtrafikksentralen at vegen no var opna igjen, men at det er lange køer i området.
Det blei tatt beslag i førarkortet til sjåføren av bilen som hadde retning Os.
Vedkomande er ein mann i 20-åra frå ein nabokommune.
Mange valde å køyre om Lysefjorden og over Fanafjellet medan køen sto på E39. Det førte til trafikk-kaos i Lysefjorden mellom Lysekloster Ruinane og Pøylo.