Lokal | 21. apr. 2012
Frontkollisjon i Åsen
Audi vs audi: To bilar frontkolliderte i Lysefjorden laurdag formiddag. Ingen blei alvorleg skadd.
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 21. apr. 2012 11:02
Både ambulanse, brannvesen og politi rykte ut då det litt før klokka 10 kom melding om frontkollisjon i Åsen.
To bilar hadde kollidert ved avkjørsla til Fjellanger Hundeskole og det var store materielle skadar.
– Det var to personar i den eine bilen og éin i den andre. Det er truleg berre snakk om lettare personskadar, seier politioverbetjent Terje Sperrevik.
Begge bilane låg utfor vegen, eit godt stykke frå kvarandre, etter samanstøyten.
Det er førebels uvisst kva som er årsaka til ulykka.