Politi | 18. mars 2022
Frontkollisjon på Osveien fredag kveld
Dirigering på E39 etter uhell på Kaland.
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 18. mars 2022 19:20
To bilar har kollidert på E39 Osveien.
– Airbag er utløyst i den eine bilen. Det er til saman fire personar involvert, ingen av dei er alvorleg skadd, opplyser Vest politidistrikt.
Ulykka skjedde i ein skarp sving på veg opp Vallaheiane frå Os-sida.
Den blei meldt inn klokka 19.33. Politiet har dirigert trafikken.
Bergingsbil var på plass før klokka 20.20.