Frp har ikkje privat-allergi
Lesarinnlegg, Laila Marie Reiertsen (Frp): Gløym mangfald, gløym arbeidsplassar og gløym gode utdanningsstader for ungdomen vår, med SV i regjering.
Regjeringa kom med dårlege nyheiter for Kongshaug Musikk Gymnas i sitt budsjett for 2013. Dette fekk oss alle som er for eit mangfald i skulen og i samfunnet generelt til å reagera.
Og eg trudde at regjeringa også sette pris på det mangfaldet som blant andre skular som Kongshaug utøver av kompetanse frå lærarhald og ikkje minst utøving av god utdanning til dei unge. Signala etter fleire spørsmål både frå Frp og Høgre let ikkje venta på seg. Kunnskapsministeren har vel komen til ein slags erkjenning på at det var feil å ikkje gje midlar ut skuleåret.
Men etter det så heng det nok i ein tynn tråd for midlar til Kongshaug kan det sjå ut for. No trur eg ikkje alle i regjeringa er like glad for dette.
Men her er det tydeleg at SV med sin privat-allergi har fått styringa, og viser her tydeleg korleis dei vil fortsetja inn i valåret. Og kva dei vil ha fokus på. Private vil ikkje SV ha noko med.
Gløym mangfald, gløym arbeidsplassar og gløym gode utdanningsstader for ungdomen vår.
Frp har i sitt alternative budsjett inne midlar til Kongshaug Musikkgymnas, òg ut 2013.
Samstundes er det særs viktig å få understreka at denne problemstillinga hadde ikkje vore eit tema med ei anna regjering der Frp hadde vore ein del av. Vi er for mangfald i utdanninga. Vi vil at skular og arbeidsplassar skal ha ein tryggleik som varer over år.
Og vi treng ikkje medisin mot privat-allergi, for vi har ikkje fått diagnosen.
Laila Marie Reiertsen
Stortingsrepresentant Frp