Lokal | 21. aug. 2019

FrP satsar på vedlikehald

Lesarinnlegg: Vedlikehald av bygg, veg, vatn og avlaup vil halda fram for heile Bjørnafjorden kommune.

FrP satsar på vedlikehald
Oshaugen, Eikevegen og Utgjerdet i 2013, rett før dei kommunale vegane fekk ny asfalt. (Arkivfoto: Andris Hamre)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 21. aug. 2019 20:05

Vedlikehald er ofte undervurdert i politikken. Det gir ingen nye prosjekt å opna, ingen snorer å klippa. Bjørnafjorden FrP har likevel sett opp vedlikehald som ei av seks hovudsaker i dette kommunevalet.

Godt vedlikehald av bygg, veg og anlegg er viktig både for brukarar, tilsette og kommuneøkonomien.

Om du sviktar på vedlikehaldet i barnehagar, skular, bufellesskap og sjukeheimar forringar det tenestetilbodet. Og kostnadane vert mangedobla når ein må i gong med større rehabiliteringar eller nybygg. Som vi veit frå Fusa råkar dårlege kommunale vegar alle som nyttar dei, kvar dag året rundt.

I Os har vi auka fokuset på vedlikehald dei siste valperiodane. Vi har mellom anna prioriter vedlikehaldsfond til bygg, reasfalteringsfond, vedlikehaldsteam med eigne fagfolk og eigenregigruppe på veg, vatn og avlaup. Dette vil FrP no utvida til heile Bjørnafjorden kommune.

Du veit frå privatøkonomien at dårleg vedlikehald av bil, båt, hus eller hytte forringar verdiane dine.

Slik må vi også tenkja i kommunen. Vi må ha kapasitet både til planlagt vedlikehald og uføresette hendingar. Bli med oss i å slå eit slag for betre vedlikehald av kommunale bygg, vegar og anlegg i Bjørnafjorden - stem FrP lokalt!

Terje Søviknes
Ordførarkandidat, Bjørnafjorden FrP

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.