Lokal | 08. juli 2011

FRP skapar frustrasjon i byggesaker

LESARINNLEGG, Arild Mads Nilsen, Os Ap: FRP har bevisst trenert arbeidet med å utarbeida ein oppdatert arealplan.

FRP skapar frustrasjon i byggesaker
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 08. juli 2011 05:32

Os kommune har på mange måtar vorte ein styringslaus kommune med mange dispensasjonssaker knytt til plan og bygningsloven.
Årsaka til dette er at FRP bevisst har trenert arbeidet med å utarbeida ein oppdatert arealplan til kommuneplanen. Noko som skulle vært ferdig i 2007

Arealdelen til kommuneplanen skal vera retningsgjevande for utvikling av kommunen. Planen legg føringar for områder til bustadbygging, næringsutvikling, bygging i strandsona, friområde og område for offentlege tenester slik som skular og barnehagar for å nemne nokre.

Kort sagt er arealplanen eit styringsverktøy for politikarar og administrasjon i kommunen..

Gjeldande arealplan er frå 2003. Arealplanen skal rullerast i kvar kommunestyreperiode.

Det er det bestemte inntrykk at FRP/ H på fleire område ikkje vil retta seg etter lover og regler for arealbruk i kommunen, men vil driva sin eigen arealpolitikk. Helst fristilt frå sentrale lover og føringar.

Når dei ikkje får det som dei vil skylder dei på Fylkesmannen, men den eigenlige årsak er FRP/H sin eigen politikk.

Dei som vert skadelidd er i hovudsak kommunens innbyggarar.

Berre i perioden frå 2009 til i dag er 57 enkelsaker om dispensasjon frå arealplanen avslått av fylkesmannen i Sogn og Fjordane eller Rogaland etter å ha vært påanka av Fylkesmannen i Hordaland.

I tillegg er det eit stort tall dispensasjonssaker under behandling. Resultatet vert sannsynleg det same. Dette er tragisk. Ein kunne med litt godvilje hatt ein oppdatert arealplan i 2007.
FRP/H klarer å presse gjennom sine viktige saker dersom det er vilje. Det er det fleire døme på. Her manglar viljen. Og ein skylder på Fylkesmannen.

Regjeringa har med den nye plan og bygningsloven frå juli 2009 gitt tydelige signaler om at kommunar risikerer å bli avgrensa i sin styringsrett i plan og bygningssaker dersom de ikkje følgjer opp intensjonen i loven.

FRP ved utvalsleiar i Plan og bygningsutvalet, Gustav Bahus, har konsekvent avvist Arbeiderpartiet og opposisjonen sine innspel om å imøtekome dei fleste av Fylkesmannens motsegn til planen.

Fylkesmannen har bedt om eit møte med kommunen den 17. august om arealdelen, eit møte det knytt seg stor spenning til.

Arbeiderpartiet er eit seriøst og styringsdyktig parti. Arealplanen er grunnpilaren for styring av arealbruken i kommunen og dermed utviklinga i kommunen.

Arbeiderpartiet vil gje innbyggarane ein plan som vil gje folk ei god forståing av kva dei kan få forventa å få godkjent av byggesøknader. Det er mykje i den gamle planen som må justerast til innbyggaranes beste

Dette kan du som velgjer gjera noko med ved kommunevalet, stem Arbeiderpartiet.
Ønskjer en god sommar til alle i Os.

Med helsing
Arild Mads Nilsen
Leder av Os Arbeiderparti
3. listekandidat

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.