Lokal | 08. sep. 2009

Frp vann på Os vgs

Framstegspartiet fekk 166 av 323 stemmer på Os vidaregåande skule. Her er resultatlista.

Frp vann på Os vgs
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 08. sep. 2009 09:07

323 gav si stemme under årets skuleval på Os vidaregåande skule. Framstegspartiet fekk over 50 prosent av stemmene, Høgre og Ap kom på dei to neste plassane.

Lågare deltaking
Tal frå tilbake til 2001 viser at valdeltakinga var lågare enn før, 74,6 prosent mot 78,5 prosent i 2007 (kommune- og fylkestingval) og 88,5 prosent under førre stortingsval, altså i 2005.
I 2003 og 2001 var frammøteprosenten 79,7 og 79,4 prosent. 323 stemmer er likevel det høgaset ved skulen i denne perioden, saman med 2007, som også hadde 323 ved urnene. I 2001 var det 278 av 350 som stemte.

Tre største i vekst
I år fekk Frp 51,4 prosent av stemmene. Dette er 4,1 prosentpoeng betre enn i 2005 og 6,4 prosentpoeng betre enn i 2001. Men det er dårlegare enn begge dei siste kommune- og fylkestingvala, der landa dei på rundt 60 prosent.

Høgre, som kjem på 2. plass i år med 13,0 prosent, har også vakse, frå 7,1 prosent i 2005 og 7,4 prosent i 2001. Men også dei var større under lokalvalet, med 18,9 prosent i 2007.

Også Ap på 3. plass har vakse, ikkje berre frå 2005, men frå lokalvala. Sidan 2003 har dei lagt på rundt 5 prosent, i år landa dei på 3. plass med 11,8 prosent.

Sp ned, Venstre opp
Medan Sp fekk 16,5 prosent i 2005 landa dei på 4. plass med 5,0 prosent i år. Dette er tilbake på 2003- og 2007-nivå, der dei fekk 6,4 og 5,0 prosent.

Venstre på 5. plass fekk 4,0 prosent av stemmene, mot 2,8 i 2005. Årets resultat er også langt sterkare enn i 2001 (1,2%), 2003 (2,0%) og 2007 (1,5%).

RESULTAT 2009
Frp: 51,4% (166 stemmer)
Høgre: 13,0% (42 stemmer)
Ap: 11,8% (38 stemmer)
Sp: 5,0% (16 stemmer)
Venstre: 4,0% (13 stemmer)
Pensjonistpartiet: 3,7% (12 stemmer)
SV: 3,4% (11 stemmer)
KrF: 2,2% (7 stemmer)
Kystpartiet: 2,2% (7 stemmer)
RV/Rødt: 1,2% (4 stemmer)
NKP: 1,2% (4 stemmer)
Demokratene: 0,6% (2 stemmer)
Miljøpartiet De Grønne: 0,3% (1 stemme)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.