Lokal | 17. nov. 2020

Fryktar flaum og ras - så kjem kulde og sludd

Onsdag kan det koma 90 mm nedbør på 12 timar.

Fryktar flaum og ras - så kjem kulde og sludd
Bekken på Lysekloster ein våt dag i romjula 2019. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 17. nov. 2020 13:16

Restar av den tropiske orkanen «Eri› kjem til Vestlandet onsdag, noko som utløyser tre farevarsel; nedbør, flaum og jordskred.

Meteorologisk institutt og NVE har no oppjustert farevarselet frå gult til oransje.

Meir nedbør enn venta gjer til at NVE har valt å oppjustera farevarselet om flaum og jordskred til oransje.

– Risikoen for skadar er betydeleg større ved eit oransje farevarsel enn ved eit gult, seier statsmeteorolog Frode Hassel til NRK.

Det er venta 60 til 90 mm nedbør frå onsdag på dagtid til natt til torsdag.

– Det er allereie vått i bakken, og det gjer til at grunnvatnet står høgt og at mettingsgrada i bakken er særs høg, seier Martine Frekhaug i jord- og flaumskredvarslinga hos NVE.

Onsdag og torsdag kan bli travle timar for brannvesenet og teknisk eining.

– Vi skal ha eit koordineringsmøte i ettermiddag, seier brannsjef i Bjørnafjorden kommune, Eivind Hovden.

Typiske utfordringar er vatn som kjem inn i bygg og oversvømte vegar.

– Våre folk har vore ute og sjekka rister og drenering. Ole Bulls veg blir truleg stengt i kveld eller onsdag formiddag, seier Agnete Haugland, leiar for teknisk eining.

Sol, kulde og sludd torsdag og fredag

Allereie natt til onsdag er det meldt tett med regn. Så kjem nokre timar med mindre nedbør onsdag, før himmelen opnar seg for fullt frå 15-tida av.

Utover dagen skal vinden auka til rundt 10 m/s (frå sør).

Torsdag er det vêromslag. Då skal det bli svak vind, lettskya og langt kaldare.

Det er meldt snø i fjellet og sludd i låglandet.

Har du ikkje lagt om til vinterdekk, er tida med andre ord moden.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.