Næringsliv | 23. mars 2010

Fryktar ikkje sjøfronten

Korleis blir eigedomsmarknaden i Os påverka av at Os Sjøfront skal selja minst 40 husvære på 5 månadar?

Fryktar ikkje sjøfronten
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 23. mars 2010 13:15

Sundar var første tomtevising og salsstart på første byggetrinn i Os Sjøfront-prosjektet. Storbergen Boligbyggelag håpar på å selja minst 40 husvære innan august, noko som vil vera godt nok til byggestart på alle dei fire blokkene med til saman 84 husvære.

Over 500 kom på vising og mange meldte interesse for å kjøpa i det eksklusive prosjektet på bryggekanten. Kva kan eit slikt volum få å seia for dei som allereie sel eigedom i Os?

I eigen klasse
Dagleg leiar i Privatmegleren Bjørnefjorden, Arild Vikøyr, meiner Os Sjøfront stiller i eigen klasse og derfor ikkje kjem til å påverka marknaden noko særleg.

- Det er dyrare enn alt anna i Os, heile prosjektet hamnar utanfor normalmarknaden, seier Vikøyr, og får støtte av Åge Gulbrandsøy frå Bo Eiendomsmegling.

- All aktivitet er positivt og dette prosjektet rettar seg i stor grad mot folk som elles ikkje ville ha flytta på seg, seier han.

- Samstundes kjem det, når det er innflyttingsklart, til å gjera at det kjem nokre fleire einebustadar på marknaden, slik vi opplevde då vi selte på Luranetunet. Vaksne par som flyttar frå einebustad til noko mindre.

Storbergen vil selja sjølv
Storbergen Boligbyggelag sel først og fremst eigne prosjekt, men er samstundes på jakt etter jobben med å selja det kundane eventuelt sit på frå før.

- Vi tilbyr denne tenesten også, og er sjølvsagt interessert i å selja for dei som kjøper i Os Sjøfront, stadfestar eigedomsmeklar i Storbergen, Morten Brattaule.

Positive pessimistar
Daniel Røksund i Eiendomsmegler Vest sitt kontor på Os er positiv til prosjektet. Han legg til at kjøparane bør vurdera meklarar med erfaring frå lokalmarknaden når dei skal selja det dei har frå før.

- På den verste tida i fjor var omlaupsfarten på eigedom i Os 60 dagar, no på nyåret var den 28 dagar. Vi som jobbar lokalt veit meir om kva pris og kva interesse det er for bustadar, avhengig av type og krins, seier Røksund.

Også Vikøyr meiner Os Sjøfront er positivt for Os, både for sentrumsutviklinga og for aktiviteten prosjektet startar i marknaden.

- Men dei skal nok få slita med å selja 40 husvære på 5 månadar. Dei finaste kjem til å gå kjapt, men dei som ikkje ligg ut mot sjøen kan bli vanskeleg å selja til så høg pris, trur han.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.