Lokal | 27. mai 2010

Fryktar trafikkaos

Med parkeringsforbod i «mils omkrins» bør folk ta skyttelbuss frå skulen om dei vil ha med seg besøket av H.M. Dronninga i dag.

Fryktar trafikkaos
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 27. mai 2010 09:08

Når H.M. Dronninga i dag kjem til Buena kai skal kaien vera tom for bilar.

- Det er dessutan forbode å parkera frå Lysekloster til Sperrevik, folk bør ta buss frå Lysekloster skule, seier politiførstebetjent Audun Hadler-Olsen.

Les òg:
Slik blir dronning-besøket

Han fryktar at ikkje mange nok har fått med seg tilbodet, og det at det nærmast ikkje er ein einaste parkeringsplass mellom Sperrevik og klosteret i dag.

- Det er sett opp to bussar som kontinuerleg frå klokka 15 kjører mellom skulen og kaien. Dei som ikkje går til kaien bør setja bilen sin ved skulen og ta buss, seier han.

Bussane er gratis å reisa med, og kjører i retur til skulen etter at besøket er over.

Båtplass til alle?
På Kafé Ole B er det bra med båtplass, men det er ikkje sikkert at det blir plass til alle som kjem sjøvegen.

- Vi har 72 meter med brygge, og båtar kan legga seg utanpå kvarandre, så litt plass har vi, seier Reidar Engelsen.

Då prinsesse Märtha Louise feira 30-årsdagen sin på Lysøen 22. september 2001 var det rundt 100 båtar utanfor Lysøen. Kjem det så mange i dag er det ikkje alle som kan legga seg til kai.

Det er ingen arrangement på Buena kai medan H.M. Dronninga er på konsert på Lysøen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.