Lokal | 12. apr. 2012

– Fuglane storkoser seg

Påsken har sett sine spor i Lønnevågen i Strøno. No lover BiR å ordna opp.

– Fuglane storkoser seg
Frå tysdag (t.v.) til torsdag (t.h.) har bosset blitt spreidd utover plassen i Lønnevågen. (Lesarbilde)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 12. apr. 2012 14:51

Med påsken kjem auka hytteutfart i Os, og med fulle returpunkt for hytteavfall følgjer dessverre også ein god porsjon forsøpling.

– Vi hyttefolk har hatt ein fantastisk påske i Nordstrøno og på Forstrønen, men dessverre legg manglande kapasitet frå BiR ein dempar på stemninga, skriv ein hytteeigar i ein epost til Midtsiden.

Ein annan hytteeigar fortel i dag at bosset framleis ikkje er henta. I staden er store delar av søppelet strødd utover av dyr og fuglar.

– Vi har ringt til BiR fleire gongar, men heller ikkje torsdag var bosset henta, fortel ho.

Forventar auka kapasitet

– Dette er dessverre eit vanleg problem både i påsken og om sommaren. Kontaineren blir full og enkelte set frå seg søppel utanfor i håp om at tømmebilen snart kjem.

I mellomtida kjem fuglar og andre dyr og forsyner seg av bosset, som blir spreidd utover plassen rundt returpunktet.

– Anten må dei opp med tømmefrekvensen eller så må BiR få på plass minst éin konteinar til. Vi betaler for dette, då skulle det berre mangla at kapasiteten var god nok i tidene når folk bruker hyttene.

– Gje beskjed!

BiR seier dei har fått beskjed om den fulle kontenaren, men ikkje før i dag.

– Det er nytt for oss med denne typen press på returpunkta i påsken. Meldinga om situasjonen i Lønnevågen fekk vi først i dag, så konteinaren blir tømt i morgon, seier Kari Mjømen hos BiR.

– Dersom kapasiteten i periodar er for liten, kva skal til for at de set endå ein konteinar på plassen?

– No vil vi følgja ekstra godt med på kapasiteten i Os, men vi treng også tilbakemeldingar i høgsesongen, helst så snart det er fullt. Då får vi rydda plassen før fuglane får rota det til så mykje, i tillegg noterer vi oss litt statistikk som igjen blir lagt til grunn for vurdering av utplassering av fleire konteinarar.

– Bortsett frå eit punkt i Askvik, der ein av dei som hentar bosset hadde rydda rundt konteinaren etter påske, har vi ikkje fått fleire meldingar om boss og rot i Os etter påske.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.