Linda saman med Norwegian-pilot Per Storli, flyvertinner Anita Johannessen og Yvonne Lilleskare, og Kjell Elvis - rett etter avdukinga. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Elvis-ekstase på Er-An Veikro

Avduking av Elvis - og fire band som hylla Elvis for 300 festdeltakarar i partytelt bak restauranten.

image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Laurdag var det offisiell opning av Er-An Veikro sitt nye venterom, avduking av Elvis-figuren frå Puerto Rico og hyllest til Presley av fire ulike band og artistar.

• Les òg: Bygger venterom (!) og avduker Elvis

Festen gjekk i eit stort partytelt bak restauranten og alle dei over 250 billettane var selte fleire dagar i forvegen.

– Eg er veldig glad for at folk kom tidleg, men akkurat der er vi godt vant. Folk veit at vi startar presis og at dei ikkje bør gå glipp av noko, seier den energiske innehavaren, Linda Furhovde Andersen.

Det var fullt telt frå klokka 19, på tampen av ei svært travel veke i godvêret.

Fire band hylla Elvis

Jan Haaland med band, Steinar Lyssand (gitar), Olav Skorpen (bass) og Nils Midtseter (trommer) var først ut, og spelte låtar frå Elvis sin tidlege periode.

– Eg var 12 år då Elvis var 22. Det var veldig kjekt å få med seg starten og veksta på karriera hans, seier Haaland til Midtsiden.

Bandet fekk lokka ein og annan fram på dansegolvet, sjølv om kvelden nett var starta. Neste ut var dei unge, talentfulle vossingane i Vossa Rebels, før tida var moden for avduking av Elvis-figuren og takketale til alle hjelparane som har vore med på å få figuren frå Gran Canaria til Røykenes, i ny og forbetra stand.

– Det var ei glede å hjelpa Linda med å få Elvis heim, seier pilot Per Storli.

Han fekk arbeidsgjevar Norwegian til å sponsa cargo og hadde med seg flyvertinnene Anita Johannessen og Yvonne Lilleskare til å ta sjølve avdukinga.

Linda passa òg på å takka AB Service, som tok plastarbeidet på Elvis, og Marete Lund Bakke frå Marete's Garage Art, som har lakkert heile Elvis på nytt, og verkeleg gjeve nytt liv til figuren som i over 30 år har stått på Star Club i Puerto Rico (les òg: Marete i nytt lokale).

Tatt imot som ein konge

Etter avdukinga kom helten sjølv, med passande entré, Kjell Elvis i baksetet på Linda sin '59 Ford Fairline heilt til døra på teltet.

Kjell Elvis blei tatt imot som ein konge, dansegolvet var fullt frå første til siste strofe og etterpå var deg autografar og selfies over låg sko.

På nokre låtane fekk Kjell Elvis ekstra god hjelp.

Sander Johansen (11) frå Bergen er stor Elvis-fan, og spelte bass på tre av låtane.

Sander har autisme og lærde å spela bass då han byrja på Tveiterås skole for 4 år siden. Der var det en assistent som introduserte han for Elvis-musikk. Etter det har han lærd å spela Elvis-låtar av å sjå på YouTube, fortel mamma Elisabeth Johansen.

Å få spela med Kjell Elvis har vore ein draum, i går gjekk draumen i oppfylling for tredje gong.

Etter Elvis runda Twang Gang, også dei frå Voss, av kvelden med rock 'n' roll fram til stengetid.

Høyrde på Elvis med sveiv

Publikum var verkeleg med på notene denne kvelden, fleire stilte i Elvis-prega antrekk.

– Vi er frå Os, men har faktisk aldri vore her før. Først hadde vi oss eit fantastisk måltid, og så var det inn i teltet til denne festen. Vi er heldige så får så mykje fin musikk for pengane, og at kvelden startar tidleg, seier Audun Nordhus, på konsert saman med kona Lina.

Bjarnar Engelsen med venar, Judith Sundfjord og ekteparet Ingrid og John-Ludvig Høgh, synest dette blei ein spesiell kveld.

– Eg reiser mykje på konsertar, i år blir det tre utanlandsturar for å sjå ulike band. Vi er fødd på 40-talet og det er spesielt for oss å få oppleva artistar vi vaks opp med bli hylla på denne måten, seier Bjørnar.

– Eg vaks opp i Lygrepollen. Der hadde vi ikkje elektrisk straum før i 1959, så eg sat og høyrde på mens storesøstera mi sveivde grammofonplater av Elvis, fortel Judith.

Venterommet er nesten ferdig, men allereie tatt i bruk ved den travle restauranten. Drivarane fekk få timar kvile i natt før dei klokka 11 i dag tok imot Cars & Coffee.

Midtsiden kjem tilbake med video frå Elvis-kvelden.

Fleire saker