Kultur | 16. mars 2010

Full feiring for Terje

Kultursjef, ordførar og fleire Frp-arar sat på heidersplass medan dei blei parodiert i Nor å ne-revyen.

Full feiring for Terje
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 16. mars 2010 21:34

Bildeserie:

1 av 2

- Vi fekk ein folksam og veldig morosam start, seier skodespelar Susan Askvik etter premierehelga på «kOSekveld» med revygruppa Nor å ne.

Les òg:
Viss grisar kunne fly (med film og fleire bilde frå øvinga)

Lo av seg sjølv
Kultursjef Lisbeth Axelsen og ordførar Terje Søviknes kom på premieren saman med Frp-politikarane Gustav Bahus og Helge André Njåstad, som er Austevoll-ordførar og leiar for kulturutvalet i Hordaland fylkeskommune. Det passa bra når kOSekvelden i stor grad handla om både Oseana og Frp-politikk.

- Dei lo godt, sjølv om ein del av sketsjane går hardt ut over både Terje og Gustav. Resten av salen lo også ekstra godt då det blei fleipa med gjestane som sat framme ved scenen, fortel Susan.

- Men det var synd at ikkje resten av Frp-delegasjonen som var på Solstrand i helga ikkje fekk med seg revyen, for vi avsluttar kvelden på ein fin måte når det gjeld Oseana, så det hadde sikkert vore kjekt for Terje å få fram til kollegaene sine.

Ungt talent
Guten som har rolla som Terje, Tobias Moberg, let seg ikkje uroa over at ordføraren sat og såg på. Det kan henda han får problem med å få byggeløyve på naust i framtida, men han heldt seg stødig medan han tulla med Terje og Frp.

- Tobias imponerer verkeleg, synes Askvik, som er ein av tre skodespelarar i årets revy som har vore med på kva Nor å ne-revy.

Nesten fullt
Symrasalen var nesten full både laurdag og sundag, til helga ventar revygruppa endå fleire gjestar.

- Vi kunne nok fått plass til 200, men vil laga det til slik at folk kan få bord og plass til å ta ei pils med inn. Derfor blir det berre plass til rundt 150. Fredag hadde vi 120 gjestar, laurdag 150.

Til helga går dei to siste rundane av kOSekveld, og noko ekstraframsyningar blir det neppe.

- Eg har høyrt at det er mange som har tenkt seg på revy no til helga, spesielt laurdag, så det blir kanskje fullt. Men så kjem påske og i april er det mange konfirmasjonar, så i år blir det nok ikkje ekstraframsyningar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.