Full mann fekk hjelp
Politiet måtte hjelpe ein full mann med taxirekninga.
Det har vore ei roleg helg for politiet i Os.
Fredag kveld i 23-tida fekk dei melding om ein bil som køyrde stygt og farleg på Byvegen mot Os.
– Det blei stoppa og kontrollert, før føraren blei dimittert.
– Ellers har det berre vore småting av ordensforstyrrelser og ikkje noko som blir anmeldt. Alt er blitt teke hand om av patrulja der oppe, oppsummerte operasjonsleiar ved Vest politidistrikt laurdagen.
Full mann i taxi
Natt til søndag måtte patrulja rykke ut til ein taxi.
– Der var det ein full mann som ikkje gjorde opp for seg. Grunnen viste seg rett og slett at han ikkje hadde pengar på kortet, men det ordna seg fint. Han fekk hjelp, fortel vakthavande betjent ved Os lensmannskontor søndag formiddag.
– Ellers så var det nokre karar som diskuterte med vaktene på ein uteplass. Patrulja gav karene beskjed om å forlate plassen, noko dei gjorde.
– Vi har også hatt ein promillekontroll på Søfteland. Der var alle edrue.