Lokal | 29. sep. 2009

Full mann på buss

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 29. sep. 2009 08:59

I 23-tida fredag kveld oppdaga politipatruljen ein mann som truleg hadde vore på eit litt for langt vorspiel.

- Han sat og halv-sov i Os sentrum. Patruljen kjørte han til legevakt for sjekk før han blei kjørt heim til foreldra for å kvila seg, fortel politiførstebetjent Audun Hadler-Olsen.

Mannen som hadde bomma på formen er i slutten av 20-åra.

Full på buss
Natt til sundag fekk politiet melding frå ein bussjåfør. Ein passasjer var så full at sjåføren ikkje ville ha han med seg vidare.

- Vi møtte bussen og tok vedkomande med til legevakt for sjekk i 3-tida. Mannen er i 30-åra, opplyser politiet.

Tillaup til slåssing
To menn i 20-åra var i ferd med å ryka i tottane på kvarandre utanfor Esso-stasjonen seint natt til sundag.

- Då vi kom til staden, i 4.30-tida, var stemninga ganske amper. Men vi viste begge vekk, og dei retta seg etter pålegget om å fjerna seg, så det blei ikkje meir bråk, seier Hadler-Olsen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.