Kultur | 15. juli 2017

Full pakke blei stor suksess

Buss, båt, konsert, omvising og vandring: – Vi ville visa litt av øya. Det slo godt an, seier Berit Høgheim.

Full pakke blei stor suksess
Omvising og konsert blir kombinert med vandring til grotta på Lysøen i det nye, populære tilbodet. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 15. juli 2017 10:18

Museet Lysøen, som er del av Kode, gjorde i fjor suksess med det nye pakketilbodet «Trollbundet av Ole Bull». Lysøen har hatt omvisingar og konsertar i ei årrekkje, i sesong.

Nytt med dette tilbodet er at konsert og omvising i villaen blir kombinert med guida tur på øya - og at det heile blir selt som éin pakke, med og utan buss frå Bergen.

–Eg kan nok takka foreininga Lysøens Venner ved Inger Berit Bøyum for at vi fekk dette til, seier leiar ved Museet Lysøen, Berit Høgheim.

– Vi har ei stund hatt eit ønskje om å visa meir av den fine øya, i samband med omvising og konsert i villaen. Eg fortalte dette i ein samtale med Bøyum, og ho fekk sett saman ein pakke som verkeleg slo an.

I fjor blei det sett opp fem slike søndagar med konsert og vandring, i år er det auka til ni.

Meir enn fullt hus

I utgangspunktet blir det lagt ut 100 billettar til kvar søndag, men då dei òg tar imot gjestar «i døra» var det på det meste 115 som kom på konsert og vandring den eine søndagen i fjor.

– Vi har plass til 120, men då er det rein Festspill-stemning her. Det har stort sett kome frå 40 til 80, og det er passeleg.

Vandringa til grotta, der musikarane er med på vandringa, er frivillig. Er du dårleg til beins eller ikkje interessert i å ta den 30 minutt lange spaserturen, kan du bruka tida til å rusla rundt villaen, sitja i kafeen eller sjå deg litt nærmare rundt i villaen.

Frå Os og Bergen

Det er sett opp to prisalternativ, med og utan buss frå Bergen.

– Vi har mange osingar som besøker Lysøen, heldigvis, og vi har bergensarar som liker å køyra sjølv, eller som skal vidare til andre stadar i Os. Nokre kjem òg båtvegen, derfor har vi tilbod med og utan buss frå Bergen.

– Men dette busstilbodet frå Bergen er viktig. Det går nemleg ingen bussar til Lysefjorden om søndagen. Dei som ringer oss frå Bergen, fordi dei ikkje finn bussrute for søndagen, trur oss nesten ikkje når vi seier at det ikkje går buss.

Med det nye tilbodet blir det òg enklare for turistar frå utlandet eller andre stadar i Noreg, som frå før er i Bergen, å ta turen til Os og Lysefjorden.

Musikalsk eventyr

Avreise frå Bergen er 10.30, den korte båtturen frå Buena kai går klokka 11.15 og 11.30.

Det er lagt inn gode marginar mellom omvising, konsert og vandring. Det skal vera tid til eit besøk i kafeen, eller på toalettet, mellom innslaga. Alt skjer i søndagstempo.

I løpet av dagen vil publikum få omvising i eventyrvillaen, konsert, og tur til «Grotten» saman med musikarane. I sommer er det fiolinistane Brage Sæbø og Johanne Haugland som var sett opp, men Johanne måtte melda avbod på dei siste konsertane og er no erstatta av Dmitro Kozar.

– Det var trist at ikkje Johanne kunne vera med på resten av programmet, men bra at vi fann ein god erstattar. Vi er òg glade for at Brage er med på konsertane våre, han er ein lokalt og talenfull musikar som eg har følgd med på i mange år, seier Berit.

Fiolinistane vil saman med pianistene Marko Nouwens, Knut Christian Jansson og Annabel Guaita sørgja for magi på Lysøen desse søndagane.

Tina Engedal, Silje Solberg og Elise Winterthun skiftar på å vera guide. Båten har retur frå Lysøen klokka 14.50 og 15.10, bussen er tilbake i Bergen klokka 16.10.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.