Fotball | 28. mai 2016

Full pott til Os 2

Straffe og strafferedning i sluttminutta gjorde at Os 2 tok årets første siger i 4. divisjon.

Full pott til Os 2
Mats Lepsøe og Frode Moberg Øvredal, her i ulike kampar i 2015, var avgjerande då Os 2 i dag slo Loddefjord 1-0. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 28. mai 2016 18:11

Os 2 gjekk på sitt sjette tap på rad då dei spelte 2-1 borte mot Trio på nest sisteplass på tabellen i førre runde.

I dag tok dei imot Loddefjord frå 7. plass og klarte seg betre og vann 1-0.

Men skåringa kom først i 84. minutt, på straffe, og i 87. minutt fekk Os 2 straffe imot.

– Mats Lepsøe sette straffen etter at Sander (Kvittingen) blei takla då han kom seg gjennom åleine med keeper, fortel trenar Odd Jarle Hjelle.

Loddefjord fekk ein spelar utvist i situasjonen.

– Det blei mykje kriging dei siste minutta, og så fekk faktisk Loddefjord straffe. Situasjonen var ganske, men vi fekk ingen utvist.

Frode Moberg Øvredal blei matchvinnar då han redda straffen.

Os 2 tok med dette sesongens første siger i land.

Os 2 - Loddefjord 1-0 (0-0)
Målskårar: Mats Lepsøe
Os 2-troppen: Frode M. Øvredal, Håkon Kvittingen, Anders Skaar, Ludvig Egge Drange, Vegard Hjelle, Andreas Kytiri, Adrian Valle, Sander Kvittingen, Peder Lyssand, Harr Moore, Fabian Bødtker, Mats Lepsøe, Tom Gabriel Rindestveit, Markus Bjørnevik, Øyvind Odland, Fredrik Haustein og Erlend Hevrøy.

Neste kamp for Os 2 går borte mot Sandviken, som ligg på 2. plass på tabellen.

TABELL OG TERMINLISTE

Os sitt A-lag speler borte mot Åsane 2 måndag kveld.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.