Full sykkelfest gjennom Os
– Fire timar fri frå jobb for 30 sekund med lykke, jublar CK Henie-medlemmar etter at Tour de Fjords-sirkuset rulla gjennom bygda.
Bildeserie:
I 14.40-tida i dag rulla dei internasjonale toppsyklistane i Tour de Fjords gjennom Os, frå Fanafjellet til Os sentrum og vidare inn Hegglandsdalen.
Langs vegane og i Os sentrum sto det mykje folk og venta i regnet, men då deltakarane kom gjennom Os var det opphaldsvêr og sol.
Les òg: Bli med og lag folkefest
– Eg har vore i utlandet som publikum på Giro d' Italia, men dette er det største eg har opplevd i Noreg, seier tidlegare formann i den lokale sykkelklubben CK Henie, Tom Ivan Kittelsen.
Saman med andre kameratar frå sykkelklubben, og yngste son Liam, sto han ved Stølsvegen for å sjå rittet gå gjennom Os.
– Det er best her i bakken, det går så fort på flaten. Fort gjekk det uansett, eg har tatt fri frå jobb fire timar for tretti sekund med lykke. Men det var verdt det, seier Kittelsen, som no ser fram til VM i 2017.
I intervju med Dag Otto
Før syklistane passerte kom ei røys med motorsyklar og politi, og nokre sponsorbilar som kasta gåveartiklar ut vindauga.
I Os sentrum tok Dag Otto Lauritzen eit stopp, der han intervjua Bente Borghild Hauge med fleire.
Bak syklistane følgte ei endå større røys med følgebilar.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.