Fotball | 05. nov. 2014

Full tenning på Kuventræ

Bildeserie: Trass ein kjølig kveld, blei det høg temperatur då Midtsiden Cup starta tysdag.

Full tenning på Kuventræ
Valter Midtsæter i mål for Aust om Elvo var ikkje særleg nøgd med behandlinga han fekk i det eine angrepet frå Magnorvinduet (foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 05. nov. 2014 10:35

Bildeserie:

Over 350 spelarar er med på Midtsiden Cup (foto: AH)
Over 350 spelarar er med på Midtsiden Cup (foto: AH)
Mykje folk langs sidelina då Aust om Elvo og Magnorvinduet møttest tysdag (foto: AH)
Mykje folk langs sidelina då Aust om Elvo og Magnorvinduet møttest tysdag (foto: AH)
Robert Nøss debuterte for Aust om Elvo (foto: AH)
Robert Nøss debuterte for Aust om Elvo (foto: AH)
Magnor-eigar Ole-Vidar Skaathun er nok betre som støttespelar enn fotballspelar (foto: AH)
Magnor-eigar Ole-Vidar Skaathun er nok betre som støttespelar enn fotballspelar (foto: AH)
Os og Fusaposten-redaktør Jostein Halland speler for Ungdomskilden (Foto: AH)
Os og Fusaposten-redaktør Jostein Halland speler for Ungdomskilden (Foto: AH)
Man Chest Hair og Enda litt Guufs møtast igjen i bronsefinalen (foto: AH)
Man Chest Hair og Enda litt Guufs møtast igjen i bronsefinalen (foto: AH)
Det gjer fjorårsfinalistane No Name, No Fame og The Warriors òg (foto: AH)
Det gjer fjorårsfinalistane No Name, No Fame og The Warriors òg (foto: AH)
1 av 7

Tysdag blei årets Midtsiden Cup sparka i gang på Kuventræ. 17 lag var i sving i den kalde, men likevel fine novemberkvelden.

Sjå fleire bileter på Midtsiden Cup si facebookside.

I dameklassa, kor det var fire lag påmeldt blei alle dei innleiande kampane spelt, og fjorårsvinnar No Name, No Fame er klare for ny finale, mot same motstandar som førre året, The Warriors.

Dei to laga møttest i siste innleiande kamp i flomlyset på Kuventræ, kor sølvvinnarane frå i fjor var sterkast. Krigarane gjekk av banen med ein komfortabel 4-0 siger.

I bronsefinalen for damene møtar rutine ungdommeleg pågangsmot når Enda litt Guufs skal freiste å gjenta bragden frå den innleiiande kampen kor dei slo Man Chest Hair 4-2.

Både finalen og bronsefinalen spelast laurdag klokka 12.30.

Fullt langs linja

Herrer amatør og elite er kanskje dei klassane kor det ligg størst prestisje i å ta seg til finalane.

Stor spenning var det tydeleg knytt til oppgjeret mellom gatecup-heltane frå 90-talet, Aust om Elvo og hovudsponsorane til fotballgruppa Magnorvinduet med Ole-Vidar Skaathun, som tidlegare på dagen var med å henta Hassan El Fakiri som ny hovudtrenar til Os Fotball.

Ei fullpakka sidelinje fekk med seg at dei gamle gatecup-heltane vann 5-2.

Sjå komplett resultatliste her.

Gatecupen held fram onsdag med innleiande kampar for ei mix-gruppe, to herrar amatør og ei herrar elite.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.