Rotlaus hadde publikum i si hule hand i Vognhallen i går. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

To timar med full trøkk i Vognhallen!

Bildeserie frå Rotlaus-konserten.

image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Laurdag spelte Haavard Skaatun, Rotlaus og Rune Sanden i Vognhallen, det første store konsertarrangementet i hallen sidan Osøren Blues og Jazzfestival i 2010.

– Eg skulle ønskt at folk kom litt tidlegare på kvelden, og heldt seg her ehilt til slutt. Og så kunne det godt kome eit par hundre til, sa Tor Egil Hylland til Midtsiden i natt.

– Det blei i alt rundt 500 selte billettar, og det er bra! Men området har plass til meir.

• Sjå bildeserie frå Os hamn (og Os hillbillycamp)

Først ute

Blant dei første gjestane var ekteparet Merete Blindheim og Geir-Magne Johnsen Moberg. Dei hadde skaffa seg både ein matbete, ei bøtte til å halda sprudlevatnet kaldt og eit ståbord ved inngangen til Vognhallen.

– Vi kjenner ikkje til kveldens band så godt, men fekk høyra litt av Skaatun under Torgfesten, og det var veldig bra. Vi synest det er greit å stilla opp når nokon først lagar eit sånt arrangement som dette, seier dei to.

Haavard Skaatun var først ute. Den unge, talentfulle og arbeidsomme fusingen har mykje fersk materiale, og sleppte dessutan ny låt, «Out Run», dagen før festen i Vognhallen.

– Det er alltid kjekt å spela, sjølv om det var litt tynt i rekkjene i starten, seier Haavard.

Med seg på scenen har han William Rolland (bass), Reidar Opdal (tangenter) og Daniel Tveit (trommer). Bandet heldt stødig driv til folk byrja å steama på, og då Rotlaus gjekk på scenen var konsertområdet fylt opp og det sto kø i inngangen.

Til Os frå Arna, Osterøy og Samnanger

Ein stor og delvis country-uniformert venegjeng som gjesta konserten hadde reist frå Osterøy, Arna og Samnanger for å oppleva Rotlaus.

– Vi var på Rotlaus og Gunslingers i Bergen for ei stund sidan, men enkelte av oss hugsar ikkje så mykje av den konserten, så då måtte vi til Os, fortel Cato André og ler.

Han poserte saman med Adrian, Espen, Belinda, Harry, Joakim og John Harald på bilde før dei tok turen nærmare scenekanten.

– Vi har med oss ei husvogn. Det var fullt på bubilparkeringa, så vi sette den ved Fargerike. Det må vel gå greit? spurde dei, utan å antyda at nokon av dei var køyrbare til å flytta den om det ikkje var greit.

Full kok frå klokka ti

Hovudtrekkplasteret Rotlaus gjekk på scenen som band nummer to, litt over klokka 22, og publikum strøymde rett til scenekanten og dansegolvet.

Publikum song med for full hals frå låt nummer to, og det blei stadig tettare med publikum framfor scenen og god sving på dansegolvet.

Det var kø i porten til klokka var nesten 23.

Rune Sanden overtok scenen rett over midnatt. Det var godt publikum i starten, men folk gjekk til og frå festivalområdet etter at Rotlaus gjekk av, og publikum spreidde seg utover utestadane i Os og i båtane og bubilane som hadde kome til Os denne helga. 

Osfest-arrangørane, som òg sto bak kveldens konsert, seier dei er nøgde med bruken av Vognhallen som konsertområde, og med å få «oppvarming» på både det frivillige personalet og sitt eige system to månadar før det er storfest på grusplassen.

Stavangerkameratene, Madcon, Morten Abel og Eirik Søfteland er blant dei som speler i Os 10. og 11. august.

Fleire saker