Sport | 09. sep. 2011

Fulle fiskelister!

Det er Klondike-steming i Oselvo og seks dagar igjen å fiska på. Men er det fiskekort igjen?

Fulle fiskelister!
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 09. sep. 2011 13:45

– Den siste veka har vore heilt vill, seier Lars Petter Grønvigh.

Han er butikksjef hos MX Sport, butikken som sel fiskekort for Os Jakt og Fiskelag sine soner i Oselvo.

– Siden sesongen starta seint og det har vore periodar med lite vatn så har også salet av fiskekort gått litt opp og ned. Men no då vatnet kom tok det av.

Årets største

Det har blitt tatt store mengder stor villaks i Oselva den siste veka og måndag blei årets største tatt, ein rugg på 9,1 kilo.

Ole Vidar Søviknes, som følgjer fisket tett med tekst og bilde, presenterer mange av fangstane på nettsida prohd.no.

Ledige fiskekort?

Torsdag 15. september klokka 24 er sesongen over. Kva med dei som vil prøva lykken no i innspurten?

– Sone 2, 4 og 5 er utselt, dei andre er det ein del ledige på, seier Grønvigh.

Han reknar med at mange ser på vasstanden i sone 1 som for høg.

– Dagskort i Kremretten er tingen no i innspurten, trur eg.

Fiske heile dagen

Kremretten, som er fleire område nord for/over sone 5, blir selt for 1000 kroner per sesong. Men no går det også an å kjøpa vekekort og dagskort.

– Eit dagskort kostar 100 kroner. Då kan du fiska heile dagen, men du må halda deg til kvoten på éin laks og éin aure, og det er berre éi stang per kort.

I sonene kan du stå med 2-3 stenger per kort, men der er fiskedøgnet delt i to no på seinsommaren, eitt kort frå klokka 6 til 14, eitt frå 14 til 21. Prisane på fiskekort i sonene varierer frå 70 til 160 kroner.

Er du fersk fiskar må du hugsa at du ikkje får kjøpt fiskekort utan at du har betalt fiskeravgift for 2011. Denne får du betalt på Posten eller på inatur.no.

Tom for makk

Det gode fisket har gått ut over utvalet hos MX Sport.

– Duggmakk har vore ein braksuksess i år, vi har selt over 500 boksar og leverandøren i Sverige klarer ikkje å senda oss meir.

Men det gode salet av fiskeutstyr tar også noko positivt med seg.

– Fiskeavdelinga vår har vore noko samansett av nytt og gamalt, no er mykje selt og vi kjem til å stilla med heilt ny, Oselvo-spissa, avdeling før neste sesong, lover han.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.