Lokal | 18. sep. 2010

Fulle utlendingar

Helga så langt: Velta tre, utforkjøring, ulovlege teiner, full utlending og utlending som kjørte i fylla.

Fulle utlendingar
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 18. sep. 2010 07:43

Natt til laurdag blei ein rusa mann henta med ambulanse. Mannen, som er utanlandsk, var på ein av uteplassane i sentrum då politiet og helsevesenet blei varsla.

- Han blei kjørt vidare til legevakt og tatt hand om av helsepersonell, fortel politiførstebetjent Audun Hadler-Olsen.

Fyllekjøring
Laurdag morgon blei ein bilførar, også han frå utlandet, stoppa av politiet rett utanfor Os sentrum.

- Han var mistenkt for promillekjøring, blåste over grensa og er tatt med for utvida prøve.

- Det er ikkje snakk om same mann som blei tatt hand om av helsevesenet i natt?

- Det veit eg faktisk ikkje, seier Hadler-Olsen.

Tulla med teiner
Fredag fortalte politiet om fleire beslag av ulovlege fangsreiskap i områda rundt Strøno og Røttingen, fredag kveld fekk politiet melding om at nokon sette teiner på ulovleg vis ved Hatvik.

- Vi har meldt vidare til Statens Naturoppsyn, som undersøkjer saka.

Utforkjøring og velta tre
Ein ung bilførar hamna i grøfta i Mobergssvingen i natt. Det skal verken ha vore personskade eller mistanke om promillekjøring i høve ulykka.

Laurdag morgon, i 7.30-tida, fekk politiet melding om stein og velta tre i vegbanen på Hatvik.

- Vegtrafiksentralen blei varsla. I 8.30-tida var vi sjølv inne med ein patrulje og då var alt rydda vekk.

Måndag skal geolog undersøkja området ved raset for å sjekka om det er fare for nye ras.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.