– Fullt hus og fantastisk stemning!
Publikum strøymde til Astrid Drageset si utstilling i dag.
Bildeserie:
I dag opna Astrid Drageset si nye utstilling i Hvelvet i Oseana Kunst & Kultursenter.
Tidlegare denne veka fortalde ho om det harde arbeidet som ligg bak ei utstilling, og at ho nyttar det visuelle som språk.
– Du får fem
Vi utfordra kurator ved Oseana, Evelyn Holm, å oppsummera opningsdagen til Dragset på tre ord.
– Du får fem: fullt hus og fantastisk og stemning.
Holm kan i kveld fortelja at på første dagen vart fem av dei små maleria selde, og den eine av totalt tre skulpturar er allereie er reservert.
Hovudpersonen sjølv har dette å seia om dagen:
– Ei flott oppleving!
Utstillinga til Astrid Drageset kan du sjå i Oseana fram til 10. februar.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilbod: 1 månad for 1 kr
No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.
- Tilgang til alt innhald
- Utan bindingstid
- Frå 145 kr/md.
Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.