Fullt i hamna
Bosset flaut måndag morgon på parkeringa ved gjestehamna. To fulle konteinarar og eit eldorado for måsen.
Midtsiden skreiv seinast i førre veke om ein overfylt bosskonteinar i Lønnevågen.
Då fortalde informasjonsmedarbeidar hos BIR Kari Mjømen at hyttenaboar hadde observert ein bil i skytteltrafikk til konteinaren for å kaste boss mest heile helga. Då ein kontrollør frå BIR såg nærare på saka tysdag viste det seg at det var kasta mykje som ikkje skulle vore kasta i hyttekonteinaren.
Om det er det same som har foregått på gjestebrygga gjennom helga eller om det er båtfolk som har hatt mykje boss med seg til Os skal ikkje vi seia. Det pussige er at berre ti meter unna står to tilsvarande konteinarar med lås og god plass.