Funn av båt og måling av høg fart
Fekk 5.500 kroner i forelegg i Hegglandsdalen.
Måndag klokka 20.20 stoppa politiet ein bilist på Hegglandsdalsvegen.
– Fart står ikkje notert, men vedkomande, ein mann i starten på 20-åra, fekk eit forelegg på 5.500 kroner etter snittmåling i ei 50-sone, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.
5.500 kroner i forelegg betyr ein fart på mellom 16 og 20 km/t over fartsgrensa. Det betyr òg tre prikkar på førarkortet, med mindre bilfrørar har så ferskt førarkort at han er i prøvetid og får dobbelt opp, altså seks prikkar.
Fann gamal plastbåt utanfor Strøno
På dagtid måndag blei politiet oppringt av ein som hadde funne ein eldre plastbåt ved Naustholmen utanfor Strøno.
Båten er på rundt 16-17 fpt, og dei som saknar ein båt som liknar kan kontakta politiet.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.