Lokal | 06. des. 2018

Funn av tablettar førte til ransaking

Politiet onsdag: Mann tatt med narkotika og ny utforkøyring i Åsen.

Funn av tablettar førte til ransaking
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 06. des. 2018 08:32

Onsdag kveld kontrollerte politiet ein mann dei møtte i Os sentrum.

Vedkomande, ein mann i 30-åra, hadde nokre narkotiske tablettar på seg, noko som leia til ransaking av heimen hans.

– På adressa fann vi noko hasj. Mannen blei dimittert etter avhøyr og forholdet er meldt, opplyser politioverbetjent Rune Fimreite.

Uskadd etter utforkøyring

Klokka 23.10 onsdag kveld fekk politiet melding om utforkøyring på Lyseklostervegen i Åsen.

– Meldar sa det var veldig glatt på staden, og det merka vi sjølv då vi kom ut der. Det var ingen personskade, og det er ikkje oppretta sak.

Sesongens første snøfall kom natt til tysdag, og tysdag ettermiddag var det òg ein bil som hamna i grøfta i Åsen.

– Var forholda så dårlege av vegtrafikksentralen blei varsla?

– Nei. Det var vinterføre, men det blei ikkje vurdert som dårleg vedlikehald av vegen på staden.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.