Lokal | 08. okt. 2009

Funnen med helikopter

Luftambulansen måtte bistå politiet i leiteaksjon på Lyshorn torsdag kveld.

Funnen med helikopter
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 08. okt. 2009 22:23

To kvinner kontakta sjølv politiet då dei ikkje fann vegen ned igjen etter ein tur på Lyshorn torsdag kveld. Dei var nær eit stup då dei blei funnen.

- Vi hadde kontakt med dei på mobiltelefon, men dei såg ikkje blålysa våre og vi klarte ikkje å lokalisera dei før helikopter var på plass, fortel politiet.

Luftambulansen fann kvinnene, éi av dei er 19 år, den andre i 20-åra, og politiet brukte hundepatrulje for å koma seg fram til dei og guida dei ned frå fjellet.

Begge skal vera i god behald.

Turen starta i 19-tida, kvinnene blei funnen klokka 21.33.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.