Lokal | 28. des. 2009

Funnen på rek

Måndag har politiet hatt fleire trafikkontrollar og fått melding om snøballkasting og om funn av fleire hummarar på rek.

Funnen på rek
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 28. des. 2009 21:05

Midt på dagen måndag hadde politiet trafikkontroll på Søfteland. 76 bilar blei kontrollerte, 5 av førarane fekk muntleg pålegg.

I ettermiddag rigga dei seg opp i Industrivegen. Alle dei kontrollerte hadde gode nok dekk, men 3 av dei 25 kontrollerte fekk forenkla forelegg for ulovleg bruk av kurve-/tåkelys.

- Vi har også fått melding om snøballkasting og funn av hummer, begge delar i Søre Øyane, seier operasjonsleiar Oddvar Norfonn i Hordaland politidistrikt.

4-5 hummarar blei funnen på rek i ein pose. Alle var under minstemål og alle var levande.

- Alle funn av hummer etter 1. desember skal rapporterast. Bevis er sikra og hummarane er no oppbevart på ein forsvarleg måte. Dei blir truleg sleppt ut igjen i sjøen innan kort tid, seier Norfonn.

Også til snøballkastinga rykte politiet ut. Her var det snakk om nokon som kasta snøballar på eit hus. Politiet møtte syndarane og hadde ein alvorsprat med dei.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.