Lokal | 15. juni 2016

Fusingane mest positive

Resultata frå meiningsmålingane om Os og Fusa skal slå seg saman er no klare. Sjå dei her.

Fusingane mest positive
Fusingane har store forventningar om eit betre kommunalt tilbod om Os og Fusa slår seg saman (foto: KVB)
Andris Hamreonsdag 15. juni 2016 15:24

I perioda 9. til 11. juni gjennomførde Sentio Research ei meiningsmåling blant 500 osingar og 300 fusingar. No er resultata frå meiningsmålinga klare.

Meiningsmålinga som vart gjennomført i kommunane Fusa og Os tar for seg fleire element, mellom anna korleis innbyggjarane ser på samanslåinga til ein ny Bjørnafjorden kommune. Det er dette spørsmålet som har vore hovudelementet i dei drøftingane som har vore mellom politisk hald i dei to kommunane. Oppsummert er svaret på kor positiv eller negativ innbyggjarane er til spørsmålet om samanslåing til ein ny kommune dette:

Fusa kommune: 52 % positiv, 25 % negativ, 22 % verken/eller og 1 % veit ikkje
Os kommune: 38 % positiv, 23 % negativ, 37 % verken/eller og 1 % veit ikkje

Hovedfunna for Os

42 prosent av dei spurde innbyggerane i Os kommune er for samanslåing med éin eller fleire av nabokommunane. Ein like stor del ønskjer å vera ein eigen kommune som i dag. Dei i alderen 50-69 år er mest positive til kommunesamanslåing, medan dei under 30 år ønskjer det i minst grad.

Ved ein eventuell samanslåing, svarer 70 prosent at Os burde slå seg saman med Fusa. 27 prosent stemmer for sammenslåing med Tysnes, 17 prosent for Samnanger, ti prosent for Bergen og fire prosent for Austevoll.

25 prosent meiner sammanslåinga av Os og Fusa til den nye Bjørnefjorden kommune er viktig for dei som innbyggarar. Dei yngste synest i minst grad dette er viktig.

38 prosent er positive til at dei to kommunane slår seg saman.

Innbyggjerane i Os meiner først og fremst at innbyggermedverknaden vil bli dårlegare i ein ny og stor kommune, sammenlikna med dagens kommune. Barnehagetilbodet trur dei vil bli noko betre. Ellers meiner dei sentrale oppgåver vil bli løyst på ein omtrent like god måte.

26 prosent trur dei vil oppleve det samla tenestetilbodet i ein ny kommune positivt,

sammenlikna med kommunen kor de bur i dag.

Hovudfunna for Fusa

65 prosent av dei spurde innbyggerane i Fusa kommune er for samanslåing med éin eller fleire av nabokommunane. 24 prosent ønskjer å vera ein eigen kommune som i dag. De under 30 år ønskjer i størst grad å forbli ein eigen kommune, og er i minst grad for samanslåing.

Ved ei eventuell samanslåing, svarer 64 prosent at Fusa burde slå seg saman med Os. 35 prosent stemmer for samanslåing med Samnanger og 29 prosent for Tysnes.

51 prosent meiner samanslåing av Os og Fusa til den nye Bjørnefjorden kommune er viktig for dei som innbyggarar. Dei i alderen 50-69 år tykkjer i størst grad dette er viktig, medan dei yngste tykkjer dette i minst grad.

52 prosent er positive til at dei to kommunane slår seg saman. Kvinner er i større grad enn menn svært negative til dette.

Innbyggerane i Fusa meiner at innbyggermedverknaden vil bli dårligare i ein ny og stor kommune, sammenlikna med dagens kommune. Byggesakshandsaming, helsetenester, eldreomsorg og politisk styring er oppgåver dei trur vil bli betre løyst, og det samme gjeld barnehagetilbod og skole/SFO.

49 prosent trur dei vil oppleve det samla tenestetilbodet i ei ny kommune positivt, sammenlikna med kommunen kor dei bur i dag. Dei under 30 år trur dette i minst grad.

Midtsiden kjem tilbake med meir om resultata og reaksjoner.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.