Fylket vidarefører alle prosjekt
Fleire positive konklusjonar då Vesland fylke møtte næringsorganisasjonane.
- Midtsiden startar utsending av gratis nyheitsbrev på epost - meld deg på her
Alle oppstarta og planlagte bygg- og vedlikehaldsprosjekt i regi av Vestland blir vidareført. Dette er ein av fleire positive konklusjonar etter eit møte mellom fylkeskommunen og næringsorganisasjonar i Vestland fylke.
Næringsalliansen i Hordaland og Sogn og Fjordane Næringsråd representerer meir enn 3000 verksemder og 130.000 arbeidsplassar i Vestland fylke. Den dramatiske situasjonen, særleg for små og mellomstore verksemder, var eit sentralt tema då organisasjonane i går møtte representantar for Vestland fylkeskommune.
– Det er som å bli treft av to tsunamiar på éin gong. Korona-epidemien set næringslivet på store prøver, og den rekordlåge oljeprisen forsterkar det dystre biletet for heile leverandørindustrien, seier Marit Warncke på vegne av Bergen Næringsråd og Næringsalliansen i Hordaland.
Næringsorganisasjonane ventar at den neste tiltakspakken frå regjeringa vert retta mot små og mellomstore verksemder med låge marginar og liten likviditet.
– Men lokale og regionale styresmakter må òg medverke til at skadeverknadane vert avgrensa. Fylkeskommunen har ei viktig rolle som oppdragsgivar på bygg- og vedlikehaldsprosjekt. Vi er veldig glade for at Vestland fylke vidarefører desse, slik at arbeidsplassar kan vernast om.
I møtet vart ei rekkje konkrete framlegg drøfta, mellom annet desse:
- Alle oppstarta og planlagte byggeprosjekt i regi av Vestland må vidareførast.
- Kommunikasjonstilbodet må ikkje reduserast meir enn i dag. Det er heilt avgjerande at ferjer og annan kollektivtrafikk effektivt sikrar arbeidsreiser og vareflyt.
- Kommunale og fylkeskommunale restriksjonar på arbeids- og næringsreiser må opphevast. Ordningar for utsetjing av kommunale avgifter og skatt må koordinerast i heile fylket.
Fylkesvaraordførar Natalia Golis og leiaren i hovudutval for næring, naturressursar og innovasjon, Tor André Ljosland, fekk òg høyre kor viktig Vestland si rolle er som koordinator av kommunane og som formidlar av næringslivet sine interesser i møte med sentrale styresmakter.
– Dialogen med næringslivet er av stor verdi for oss. Vi klarar ikkje å treffe tiltak til rett tid utan god og open dialog med næringslivet, seier Natalia Golis.
– Vi i Vestland fylke skal aktivt medverke til å minimere skadeverknadane, både på kort og lang sikt. Vi skal sikre at det blir skapt nye arbeidsplassar gjennom omstilling, grøn konkurransekraft og entreprenørskap, lovar fylkesvaraordføraren.
– Sogn og Fjordane Næringsråd, Bergen Næringsråd og Næringsalliansen i Hordaland representerer det breie spekteret av næringslivet i Vestland. Difor er det positivt at vi kan ha møte med Vestland fylkeskommune. Det vert óg viktig å halde ein kontinuerleg dialog framover, seier Bjørn Lødemel, dagleg leiar i Sogn og Fjordane Næringsråd.
Alle som deltok i møtet er samde om at det er heilt avgjerande for liv og helse og for næringslivet at smittesituasjonen kjem under kontroll. Dette er det aller viktigaste tiltaket akkurat no, og det vil medverke til at næringslivet i heile Noreg kjem på fote igjen.