Lokal | 12. juli 2014

Fyll, feilparkering og svært trøytt passasjer

Oppdraga til politiet i Os var i natt nærmast redusert til å ta hand om folk på veg til og frå Tysnesfest.

Fyll, feilparkering og svært trøytt passasjer
Fyll og feilparkering på Halhjem er blant det politiet i Os har tatt hand om siste døgnet. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 12. juli 2014 07:38

Rundt 25.000 besøker Tysnes og Tysnesfest denne helga, mange av dei frå Os og mange av dei via Halhjem ferjekai.

– Vi var på kaien og tømte ut ein del alkohol som vi tok frå folk som venta på ferja.

– Folk skal nok på fest i dag òg, og viss vi ser folk som drikk på offentleg plass så blir dei meldt, åtvarar politibetjent Kenneth Rastad.

Sette frå seg bilen – blei taua

Andre som var på veg med ferja hadde løyst billett til bil og folk, men ombestemt seg før ferja kom og sett frå seg bilen.

– Bilen var ikkje kjørt rundt og inn på pendlarparkeringa, den sto til hinder for øvrig trafikk og blei taua vekk.

– Vi har også fleire vitne som seier at folk sat i bilen og drakk, men om alle drakk og om bilen blei flytta på i fylla er usikkert.

I løpet av natta har politiet avskilta fleire bilar i Os.

– Måtte nærmast berast av ferja

Laurdag morgon fekk politiet melding om ein passasjer som var vanskeleg å få liv i.

Vedkomande, ein 20 år gamal mann, var på veg frå Våge til Halhjem, men hadde kubba og blei med fram og tilbake nokre gongar til politiet kom.

– Også vi hadde problem med å få liv i han, han måtte nærmast berast av ferja før vi frakta han til nokon som kunne ta hand om han.

Ulovleg garn

Statens naturoppsyn har tatt beslag i eit ulovleg garn i fredningssona i Osvassdraget.

– Kvar garnet sto og om dei kjenner til kven som har sett det ut står det ikkje noko om i rapporten eg har, så det er førebels uvisst.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.